Lagermedarbeidar
Ulstein Verft AS har for tida høg aktivitet innan ettermarknad og vi ser derfor etter deg som ønskjer å vere med på å drifte og vidareutvikle lageret i produksjonen.
Vi oppfordrar også nyutdanna til å søkje på stillinga, sjølv om dei manglar praktisk erfaring.
Arbeidsoppgåver
Innkjøp, varemottak, vareplassering og lagringUtarbeide og vedlikehalde rammeavtalar
Bidra til auka automatisering av ordreprosessar
Halde oversikt og kontroll på lagerførte varer
Vedlikehalde informasjon i ERP-system
Rapportering
Budsjettoppfølging
Kontinuerleg forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
Relevant utdanning, praktisk erfaring kan kompensere for formell utdanningErfaring med drift og optimalisering av intern logistikk
Erfaring i bruk av moderne it-verktøy, irekna avanserte ERP- og WMS-system
Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Engasjert og interessertSjølvstendig og serviceinnstilt
Effektiv og nøyaktig
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
Ein utfordrande og varierande arbeidskvardagMoglegheit for å jobbe med ny teknologi
Eit godt fagleg miljø med høve til personleg utvikling
Fleksitidsordning
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Rolf Heltne, Section Leader Internal Logistics, 91367451Inge Sleipnes, Contract, QA & Supply Chain Manager, 90063683
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ulstein GroupReferansenr.:4520928790
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.05.2022
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.