Sjukepleiar (slag) 50 % stilling, vikariat i tredelt turnus. Frå snarast til 31.08.2021
Org. nr: - Stillingsident: 4340089577 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 1 vikariat 50% stilling for off. godkj. sjukepleiar, tredelt turnus ved slag/ generell medisinsk sengepost, Stord sjukehus.
Sengeposten har 8 senger. Det er hovudvekt på slagbehandling i tillegg til andre generelle indremedisinske diagnosar.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg opphald på sengeposten
- Gi god omsorg for pasient og dei pårørande
- Vere med på å utvikle og forbetre sengeposten sitt arbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Relevant erfaring innan slagsjukepleie
Utdanningsretning
- Sjukepleie
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Sjølvstendig
- Må ha høg arbeidsmoral
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Høgt fagleg nivå. Tverrfagleg samarbeid
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Dersom intern søknad og tilsetjing kan det verte ledig andre stillingsstorleikar.
Kontaktinformasjon
Trude Digernes, Funksjonsleiar, (+47) 53 49 10 66
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4340089577
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Sluttdato: 31.08.2021
Søknadsfrist: 28.02.2021
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.