Ledige stillingar som barnehagelærar/pedagogisk leiar
Masfjorden kommune har 3 barnehagar:
Indre Masfjorden barnehage, Nordbygda barnehage og Sandnes barnehage.
Frå 01.08.19 har me ledig 2 faste og 1 vikariat i 100% stillingar som barnehagelærar/pedagogisk leiar med
tenestestad for tida ved Nordbygda barnehage. Vikariatet varer til og med 31.12.19.
Nordbygda barnehage har 4 avdelingar med om lag 45 barn. Me jobbar med virkemiddel frå "De utrolige årene" som har som mål å fremje barna sine sosiale, emosjonelle og faglege ferdigheiter. Kommunikasjonsverktyet VIGILO brukar me i samarbeidet barnehage-heim. Elles har me eit fantastisk uteområde der me leikar året rundt. Avdelinga der dei eldste barna går er i skulen sine lokale, fram til me får flytte inn i nye lokale i 2020-2021
Krav til stillinga
- Godkjent utdanning som barnehagelærar, eventuelt anna godkjent pedagogisk utdanning med 1 års vidareutdanning i barnehagepedagogikk
- Grunnleggande kunnskap innanfor data og digitale hjelpemidlar
- Helse som gjer det mogeleg å vere ein aktiv vaksen både inne og ute
- Erfaring frå arbeid i barnehage
- Beherske norsk godt både munnleg og skriftleg
Aktuelle nye søkjarar vil bli innkalla til intervju.
Me tilbyr
- Erfarne medarbeidarar
- Godt samarbeid mellom heim og barnehage
- Eit godt læringsmiljø
- Ein arbeidsplass som kan gi deg høve til utvikling
- Full barnehagedekning i gode barnehagar
Nyutdanna barnehagelærarar får ei løn som tilsvarar 4 års ansiennitet, pr. 01. 01.19 kr 401 200,-
Pedagogisk leiar får to timars eksta planleggingstid, det vil seie 6 timars individuell planleggingstid pr. veke.
Tillegget til pedagogiske leiarar er kr. 29 500,-.
Politiattest
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader.
Send søknad elektronisk via heimesida
Er du ny søkjar må du opprette brukarnamn og passord.
Om bedriften
Masfjorden kommune ligg nord i Hordaland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i Sogn og Fjordane fylke og kommunane Modalen og Lindås i Hordaland fylke.Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.