Barnebibliotekar/formidlar - 100% fast
Stillingsannonsen er inaktiv.Kvinnherad kommune
Biblioteket
Omtale av stillinga
Kvinnherad bibliotek er eit levande bibliotek med høg aktivitet og stor takhøgd. I 2019 vart vi «årets bibliotek» i Hordaland. I 2020 fekk den vidstrekte kommunen vår ny bokbuss. Vi søker no deg som har kunnskap og interesse for å formidle barne- og ungdomslitteratur. Du vil gå inn i eit team med fem andre flinke tilsette som jobbar saman for å nå måla, der kreativitet, kollegalæring og god service er viktige stikkord. Og av til finn vi på eit stunt. Kanskje du kan bidra med noko der også?
Arbeidsoppgåver
- Litteraturformidling og informasjonsarbeid retta mot barn, ungdom, foreldre og pedagogisk personale
- Samarbeid med barnehagar og skular, t. d. klassebesøk og eventyrstund
- Samlingsutvikling barne- og ungdomsbøker
- Produsere og publisere innhald til heimeside og sosiale medier
- Medansvar for arrangement
- Du går inn i ein turnus med kvelds- og laurdagsvakter på biblioteket og bokbussen
- Kjennskap til biblioteksystemet Bibliofil er ein fordel
- Biblioteket er stadig i endring, så arbeidsoppgavene kan endre seg
Kvalifikasjonar
- Godkjend bachelor eller master i bibliotek-, litteratur-, eller anna formidlingsfag
- Førerkort kl B og disponere privatbil
- Har du i tillegg førarkort kl C1, eller er villig til å ta det, er det eit stort pluss (vikar på bokbussen)
Personlege eigenskaper
- Komfortabel med å snakke framfor ei forsamling
- God på kontakt med barn og unge
- Evne til å ta initiativ og jobbe sjølvstendig
- Godt humør
- Gode digitale ferdigheiter
- Kan du i tillegg lage ballongdyr, trylle, sykle på einhjulssykkel eller liknande -- då er du den vi søker!
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune
Adresse
Sentrumsvegen 39, 5460 Husnes
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 30. juli 2021
Hentet fra: Kvinnherad kommune
Referanse: jobb.kvinnherad.kommune.no/recruitment/opening?4059
Stillingsnummer: c02df4f2-ac62-4024-8e70-d9939a6e768a