Assisterande styrar og barnehagelærar - vikariat
Mona barnehage søkjer etter:
40 % assisterande styrar og 60 % barnehagelærar frå 12.08.19 - 14.08.20.
Stillingane må kombinerast. Mulighet for fast stilling frå 15.08.20.
Mona barnehage er ein 6 avdelingsbarnehage og ligg sentralt til på Sandane.
Våre satsingsområder er bl.a språk, friskliv og tidleg innsats.
Meir informasjon om barnehagen: www.mona.barnehage.no eller Mona barnehage på facebook.
Arbeidsoppgåver
Du som vert tilsett må jobbe i tråd med Rammeplanen, årsplan/periodeplan for barnehagen og Circle of security (COS). Du må og vere deltakande i utarbeidinga og gjennomføringa av beste praksis.
Som styrarassistent jobbar du tett med styrar i fht å drifte barnehagen på ein god og sikker måte. Du har medansvar for fagleg utvikling, personaloppfølging, HMT og IT, og er med å bygger barnehagen sitt omdømme. For å ha nok kjennskap til organisasjonen, må du ha full stilling i barnehagen. Stillinga må difor kombinerast med ei barnehagelærarstilling.
Som barnehagelærar har du medansvar for det pedagogiske arbeidet i avdelinga, samt oppfølging av barna enkeltvis eller i grupper. Du må kunne ta over leiaroppgåvene i pedagogisk leiar sitt fråvære. Du må i tillegg vere ein vaksen som deltek aktivit i leik, aktivitet og dagleg omsorg.
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærarutdanning
- God IT-kompetanse
- ASK-kompetanse kan bli føretrekt ved tilsetting
- Interesse innan friluftsliv
- Nytte nynorsk som skriftspråk og snakke godt norsk
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein medarbeidar som er opptatt av barna sitt beste, som er reflektert og som har evne til å jobbe i eit stort team. Som styrarassistent må du vere fagleg oppdatert, løysingsorientert, ha gode samarbeidsevner og oversikt over arbeidet som vert gjort i avdelingane. Du må tåle å ta avgjerdsler og stå i utfordringane som oppstår.
Som barnehagelærar må du ha oversikt over gruppa og det enkelte barn sitt behov, samt ha eit nært samarbeid med foreldrene kring barnets beste. Du må takle arbeidspress.
Vi tilbyr
- Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis.
- Variert arbeid i eit fagleg miljø
- Godt arbeidsmiljø
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Om du også er søkjar til dei andre ledige stillingane våre, ber vi om at du prioriterer kva stilling du helst ønskjer.
Kontaktinformasjon
Margrete Huus, Einingsleiar, 970 95 123
Arbeidsstad
6823
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Gloppen kommune
Referansenummer:4046159760
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 12.08.2019
Sluttdato: 14.08.2020
Søknadsfrist: 31.03.2019
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sitt felles bu- og arbeidsmarknad på 40 - 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og Gloppen vart i 2011 kåra til årets kulturkommune.