Aktivitetsleder
Stillingsannonsen er inaktiv.Hå kommune
Helse- og sosialsaker
Heimtun bu- og velferdssenter skal verta senter for heimetenester på Nærbø, det skal fyllas med nytt innhald, og få ny meining. Dagsenter for eldre flytter inn, og me ynskjer å legga til rette for mykje aktivitet på huset, både på dag- og kveldstid. Tilsette, frivillige lag, enkeltpersonar og organisasjonar vil vera viktige samarbeidspartnarar for å lukkas med dette.
Me har i den forbindelse ledig stilling som aktivitetsleder.
Er du glad i menneske? Brenn du for samspel mellom kommunen og frivillige, og gode møter mellom mennesker? Evner du å organisera og motivera andre? Då kan dette vera jobben for deg!
For den rette personen vil dette vera ei spanande stilling der du i svært stor grad vil få vera med å forma eigen arbeidsdag og det tilbudet som vert til.
Stillinga vil vera organisert som ei full stilling med fri på fredager og med arbeid kvar tredje helg i heimesjukepleien. Helsefagleg utdanning, helst på universitetsnivå vil vera ein fordel. Alternativt vil stillinga vera i 80 % med arbeid dag og noko ettermiddag.
Stillinga inneber at du koordinerer det som skjer på huset, bidreg til aktivitet og deltek i det daglege arbeidet. Du vil og arbeida med å legga til rette for at andre skal trivas. Det er leder for heimetenestene som har personal- og økonomiansvar, så ansvaret som er lagt til denne stillinga er dagleg oppfølging.
Me søker deg som
- er kreativ, og open for moglegheiter og endringar
- tek ansvar, følger opp, men som og evner å sleppa andre til
- har førerkort, minimum klasse B, gjerne og for minibuss
- har gode norskkunnkaper, både munnleg og skriftleg
- kan arbeide sjølvstendig og målretta, og motivera andre
- er positiv til andre, glad i å arbeida, og vektlegg å samarbeida godt med andre
- har eit personleg engasjement for brukergruppa, og som ynskjer å arbeide med heimetenester
- liker å arbeide i eit skiftande tempo, og håndterer svingande arbeidsmengde godt
Personlege egenskaper vert svært viktige i denne jobben, og vil derfor verta lagt stor vekt på ved tilsetjing. Arbeidstid vil kunna verta endra dersom behovet på arbeidsplassen tilseier det.
Arbeidsoppgåver
- starte opp arbeidet med å engasjere frivillige i arbeidet med eldre på Heimtun
- oppfølging av dei frivillige og pårørande
- arbeid på dagsenter for eldre
- nye oppgåver vil kunna verta lagt til stillingen
Me tilbyr
- ein triveleg arbeidsplass med god dekning av fagutdanna personale
- moglegheit for fagleg utvikling
- gode ordningar for vidareutdanning og kompetansehevande tiltak
- variert brukergruppe og stor variasjon i arbeidsoppgåver
- arbeid i ei teneste som er under stor utvikling, og som har spennande tider føre seg
Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte leiar Jonas Egeland Reime, tlf 415 32 785.
Attester og vitnemål tas med på intervju
Politiattest
Politiattest nyare enn 3 månader må leverast før tiltreding i stilling.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.
Søknad
Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har problem med innlogginga.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Hå kommune
Adresse
Rådhusgata, 4360 Varhaug
Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 19. desember 2019
Hentet fra: Hå kommune
Referanse: dmz-04.ha.kommune.no/recruitment/opening?0?4104
Stillingsnummer: bfe9420a-031d-4e84-9cb1-9eabd1ccaacb