Personal- og organisasjonssjef
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
Stord
ID 1682 Personal- og organisasjonssjef
Stord kommune har ledig stilling som personal- og organisasjonssjef. Stillinga inngår i rådmannen si leiargruppe og er tillagt ansvarsområda IKT og digitalisering, informasjon, løn og personal, i tillegg til informasjonstryggleik, arkiv og HMT.
Personal- og organisasjonssjef arbeider nært med rådmannen og leiargruppa og skal vera ein pådrivar i arbeidet med den vidare utviklinga av kommunen under visjonen Saman om utvikling og velferd. Stillinga har eit særleg ansvar for organisasjonsutvikling og den overordna arbeidsgjevarpolitikken. Vedkomande leiar dei årlege lønsforhandlingane med arbeidstakarorganisasjonane, og vil ha prosjektansvaret for kommunen sin strategi for digitalisering.
Me søkjer ein medarbeidar som:
- Har gode samarbeidsevner og kan vera eit positivt bidrag til arbeidsmiljøet
- Har gjennomføringsevne og er oppteken av resultat
- Har god kjennskap til forvaltning, lov- og avtaleverk
- Har utdanning frå høgskule/universitet
- Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Me tilbyr:
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune i utvikling
- Positive og dyktige medarbeidarar
- Løn etter avtale
- God pensjonsordning
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For meir informasjon kan du kontakta rådmann Magnus Mjør på tlf. 916 44 039 eller kommunalsjef Knut J. Gram på tlf. 975 52 011.
Søknadsfrist: 21.03.2021
Søk på stillingen ved å klikke på annonselenken på denne siden.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Borggata 2, 5417 Stord
Stord kommune er ein industri- og teknologikommune i Vestland fylke med nær 19 000 innbyggjarar. Kommunen ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Stord kommune har ambisjonar som ein attraktiv og klimavennleg vekstkommune under visjonen «Saman om utvikling og velferd». Stord kommune har klimamål om å bli nullutsleppskommune innan 2030, ei målsetjing som vert støtta av eit omstillingsdyktig næringsliv.
Som regionsenter har Stord eit godt utbygd tenestetilbod og sjukehus. Her er flyplass med daglege avgangar til Oslo. Kommunen er skulesenter med vidaregåande skular, lærarutdanning og barnehagelærarutdanning, sjukepleiarutdanning og ingeniørutdanning. Stord har eit rikt kulturliv med eit mangfald av lag og organisasjonar. Det er gode vilkår for sport og friluftsliv i kommunen.
Om stillingen
Stillingstittel
Personal- og organisasjonssjef
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 21. mars 2021
Hentet fra: AMEDIA
Referanse: 3771836
Stillingsnummer: bfdf11de-8931-4535-81f9-ec421f7c3632