Sommarjobb for ungdom over 16 år - 2020
Org.nr.: NO 964968330 MVA Stillingsident: Presentasjon av stillingen : Stillingane er først og fremst eit tilbod til ungdom over 16 år heimehøyrande i Askvoll kommune, men også andre søknadar vert vurdert. I 2020 varar sommarjobben i vekene 26 til 33 (22.6.-14.8.)
Vi trenger sommarvikarar til fleire forskjellige oppgåver:
- Vedlikehald av bygningar slik som vasking og skraping av fasade, grunning, male- og beisearbeid
- Vedlikehald av grøntanlegg slik som klipping av grøntareal, luking av ugras, klipping av busker
- Rydding av avfall
- Anna førefallande arbeid
Kva forventar vi av deg?
-
Gode samarbeidsevner og vere lærevillig.
-
Vere omgjengeleg og har ei venleg framtoning overfor kollegaer og publikum.
-
Ha god norsk munnleg framføringsevne.
-
Trivast med fysisk arbeid inne og ute i alle typar vêrforhold.
-
Ha evne til både å arbeide sjølvstendig og til å arbeide i team.
Personleg skikkaheit vert vektlagt. Det er ikkje høve til å bruke mobiltelefon i arbeidstida.
Dersom du har sertifikat på moped/bil ver venleg å informere om dette i søknaden.
Etter du har søkt
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til ein felles intervjudag så snart som mogeleg etter at søknadsfristen er ute. Svar på søknad, innkalling til intervju og eventuelt tilbod/avslag på jobb vil du få på den e-postadressa du registrerte i søknaden.
Alle som vert tilsett i sommarvikariatet må framvise politiattest ved oppmøte første dag.
Ta kontakt med dei oppnemnde personane om du har spørsmål til jobben ved å trykke på ei av avdelingane øvst i menyen til høgre.
Løn i samsvar med gjeldande tariff.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: Vaktmeistersentralen, Audun Strømmen, Tlf: +47 57730731, Mobil +47 93635424, Epost: audun.strommen@askvoll.kommune.no
Om bedriften
Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.