Byggeleiar
Pecom ser etter ein person som kan vere på anlegg som bygg- og anleggsleiar med bygg- og anleggkompetanse i eit av våre prosjekt. Dette er eit utbyggingsprosjekt av eit vasskraftverk med lokasjon i Sogn og Fjordane.
Arbeidsoppgåver:
Personen vil vere prosjektet sin representant og kontaktperson på byggeplass, og vil ivareta byggherren sitt omdøme med nærvær på anlegg fire dagar veke.
Kontraktsansvarleg for byggkontraktane i prosjektet og ansvarleg for å følge opp desse kontraktene.
Ansvar for all byggeplasskoordinering - logistikk og tilkomst. Identifisere og løyse tekniske, kommersielle og framdriftsmessige utfordringar for sine kontraktar.
Ansvar for systematisk identifisering og oppfølging av risiko og moglegheiter knytt til HMS, økonomi og omdøme innan sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonskrav:
Erfaring innan bygg, infrastruktur, veg og bane, tunnelar, bru, betong og VAV-anlegg.
Prosjektet medfører reising med moglegheit for turnusarbeid med fire dagar på anlegg frå måndag til torsdag og fri fredagar.
Pecom tilbyr: Utviklande og interessante oppgåver Godt arbeidsmiljø Konkurransedyktige vilkår Gode pensjons- og forsikringsordningar Fleksibel arbeidstid
Om bedriften
Pecom er eit konsulentselskap med 7 tilsette som blei starta opp i 2014. Pecom har hovudkontor i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane.
Pecom sørgjer for profesjonell leiing av store og mellomstore prosjekt og tar ansvar i nøkkelroller i prosjekta inklusive prosjektleiing, prosjekteringsleiing, byggjeleiing, disiplinansvar, kontraktsansvar, HMS leiing og leiing av systematisk ferdigstilling.
Pecom arbeider med prosjekt innanfor energi, industri, offentlege bygg, samferdsel og offshore. Pecom leiar og bidrar i alle fasar av prosjekta, frå idestudie til ferdigstilling og prosjektavslutning.
Pecom har ein betydeleg gjennomføringskompetanse. Alle prosjekt som Pecom og nøkkelpersonell som no arbeider i Pecom har vore involvert i, har blitt gjennomført i henhold til avtalte tidsfristar, til avtalt kostnad, med avtalt kvalitet, og med eit særs godt HMS resultat. Dette sikrar forutsigbarheit og lønnsemd for prosjekteigarane.
Pecom har dyktige medarbeidarar og gode prosessar og system for gjennomføring og oppfølging av prosjekt. Pecom har saman med Lyse utarbeida eit særs effektivt prosjekt- og kontraktsstyringsverktøy som nyttast i alle fasar av prosjektgjennomføringa.