Barne- og ungdomsarbeidar 19/1631
Bore skule er ein barneskule med fleire klassar på alle trinna frå 1. - 6. (7. trinn går på Bore u.skule). Nynorsk er hovudmålet, men det er bokmåls-klassar på alle trinn. Borekrinsen omfattar Borebygda med Hodne og Reve. Størsteparten av elevane kjem frå Verdalen - eit byggjefelt som framleis er under utbygging.
Bore skule har ledig vikariat i 80 % stilling frå 02.09.19 til 30.06.19 fordelt på skule og SFO.
Kvalifikasjonskrav
- Barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev
Arbeidet i skulen rettar seg mot enkeltelevar og/eller elevar i mindre grupper. Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid i skule.
Vi ynskjer at du er god på relasjonar og er ein tydeleg vaksen. Du har gode samarbeidsevner, samtidig som du kan arbeide sjølvstendig. Videre ynskjer vi at du er løysningsorientert, engasjert og har godt humør.
Før tiltredelse må det, om nødvendig, leggjast fram tilfredstillande tuberkulinstatus i tråd med bestemmelsen i forskrift om tuberkolose kontroll, samt politiattest i tråd med opplæringsloven § 10-9 / barnehageloven § 19.
Om bedriften
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgaste staden i Klepp og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19 300 innbyggjarar. Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.