Direktør Nasjonalt klageorgan for helsetenesta
Helseklage
Ny direktør skal leie ein solid kompetanseorganisasjon med eit klart samfunnsoppdrag. Helseklage er ein viktig del av den norske helseforvaltinga, og skal motverke feilbehandling, urett og uetisk åtferd. Hovudmålet er å varetake rettane pasientane har.
Vi søkjer
Vi søkjer ein strategisk, samlande og engasjert direktør til Helseklage. Viktige mål er å halde oppe høg kvalitet i sakshandsaminga og ha rask og god saksavvikling. Avgjerdene i nemndene skal vere godt grunngjevne og forståelege for brukarane, og verksemda i nemndene skal vere godt kjend for pasientar, helsepersonell og ålmenta elles.
Ny direktør er ein trygg og tydeleg leiar som kommuniserer godt med fagmiljøa og som samlar Helseklage rundt langsiktige utviklingsmål. Aktuelle kandidatar har høge ambisjonar og oppnår tillit både i eigen organisasjon og ute.
Gjennomføringsevne og styringskraft gjennom tydeleg og tillitvekkjande leiing blir lagt vekt på. God innsikt i og forståing for statleg forvalting, styring og avgjerdsprosessar er sentralt. Innsikt i helse-/velferdssektoren er ein fordel. Vi legg vekt på personlege føresetnader for å kunne leie og representere verksemda, både internt og eksternt. Gode kommunikasjonsevner er naudsynt. Relevant høgare utdanning, gjerne på masternivå, er eit krav.
Vi tilbyr
- utfordrande og spennande arbeidsoppgåver som er svært viktige for samfunnet
- løn etter avtale innanfor statens leiarlønssystem
- eit fagleg dugande og spennande arbeidsmiljø med engasjerte og trivelege kollegaer
- fleksitidordning og gode velferdsordningar
Mangfald og inkludering
I Helse- og omsorgssektoren meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar og ulike perspektiv som kan gje endå betre oppgåveløysing.
Vil du vite meir?
Ta gjerne konfidensiell og uforpliktande kontakt med rådgjevarane våre i BackerSkeie,
Ann-Kristin Nyrønning, tlf. 23 00 31 58
Ingunn Lian, tlf. 992 52 475, eller
Helse- og omsorgsdepartementet ved ekspedisjonssjef Espen Aasen, tlf. 913 53 290.
Slik søkjer du
Søknad med CV registrerer du via "Karriere" på www.backerskeie.no innan 7. november 2021.
Send søknad elektronisk via denne lenka.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege, jf. offentleglova § 25. Reservasjon mot oppføring på offentleg søkjarliste må grunngjevast skriftleg. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
Om bedriften
Helse- og omsorgsdepartementet skal tilsetje direktør for Nasjonalt klageorgan for helsetenesta (Helseklage).
Helseklage vart skipa 1. januar 2016 etter ei samanslåing av fleire klagesaksområde i helseforvaltinga, og er i dag sekretariat for fire ulike nemnder: Pasientskadenemnda, Statens helsepersonellnemnd, Klagenemnda for behandling i utlandet og Apotekklagenemnda. I tillegg handsamar Helseklage klager på vedtak frå mellom anna Helsedirektoratet og Helfo. Helseklage er det største samla fagmiljøet for juristar i Bergen.