Sjukepleiar/Vernepleiar
Vi søkjer etter sjukepleiar eller vernepleiar i 100% fast stilling til FACT Nordhordland
8 av 9 kommunar i region Nordhordland og Bjørgvin DPS har gått saman om etablering av Fact-team i Nordhordland, eit prosjekt med statlege tilskuddsmidler i inntil 4 år.Tilskuddet skal bidra til omstilling og styrking av eksisterande tenester, og målet er at tiltaket og arbeidsforma skal implementerast i ordinær drift etter prosjektperioden.
Kommunane som deltek i prosjektet er Austrheim,Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Meland, Radøy og Lindås, samla utgjer desse eit folketal på ca 37 000 innbyggjarar. Bjørgvin DPS har ansvar for heile regionen. Lindås kommune er ansvarleg for tiltaket i prosjektperioden.
Flexible Assertive Community Treatment ( FACT) er ein behandlingsmodell som skal gje heilskapleg og koordinerte tenester til menneske med alvorleg psykisk liding og samtidig psykisk liding og rusliding. Tiltaket inngår i kommunane og Helse Bergen sine vedtekne planar om å gje samanhengande tenester for menneske med samansatte behov grunna alvorlege psykisk liding og/eller rusliding.
Fact-modellen krev eit høgt kvalifisert team som arbeider tett og aktivt saman og drar veksler på samla kompetanse. Teamet er tverrfagleg samansatt,har ein teambasert tilnærming og utfører samtidige kommunale tenester og spesialisthelsetenester. Døme på oppgåver er utgreiing, behandling og støtte, samhandling med døgntenester , arbeid med bustad, aktivitet /arbeid og samarbeid med familie og nettverk.
Recoveryperspektivet er særleg vektlagt.
Med basis i ein Fact-modell etablerer vi eit team som gjev tenester til innbyggjarane der dei er, og arbeidar med å finna ei driftsform som tar høyde for fagleg og geografiske utfordringar.
Fact Nordhordland skal arbeida nært på ekisterande tenester både på spesialist og kommunalt nivå, og vil vera samansett av medarbeidarar som i dag er tilsett i Bjørgvin DPS, i kommunane og nytilsette.
Vil du arbeida saman med oss og vera med på å vidareutvikla tenesta til menneske med psykiske helseproblem og rusmiddelproblem?
Har du stort engasjement for fagfeltet og deler raust kunnskap og erfaring med andre?
Då ynskjer vi å ha akkurat deg med oss vidare.
Arbeidsoppgåver
Individuell oppfølging og behandling av brukarar i eit ambulant tverrfagleg behandlingsteam
Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar om eit heilskapleg tenestetilbod.
Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid.
Fremme recovery, meistring og håp
Kompetansekrav
Offentleg godkjend sjukepleiar eller vernepleiar
Vidareutdanning innan psykisk helse/ rus
Arbeidserfaring frå kommunar i prosjektet er ynskjeleg
Vi ser etter ein person med følgjande kvalifikasjonar:
Brei erfaring i arbeid innan fagfeltet
God på kommunikasjon, samarbeid og samhandling
God på relasjonsarbeid
Fleksibel med evne til å sjå moglegheiter og tenkje løysingar, samt til å prioritere i daglege oppgåver
Engasjement for utvikling og omstilling i tenestene
Ved tilsetjing blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid.
For stillinga i teamet:
Det kan bli aktuelt å arbeida på ettermiddag/kveld/helg deler av arbeidstida.
Sertifikat kl. B.
Ved tilsetjing må ein levere politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader
Beherska norsk skrifteleg og munteleg
Tilsetjinga vert ved Avdeling psykisk helse og rus i Lindås kommune, som er ansvarleg for tiltaket i prosjektperioden.
Vi tilbyr
Medverknad i utvikling av tenestene innan området psykisk helse og rus
Teamarbeid i eit fagleg engasjerande, utfordrande og godt arbeidsmiljø
Veiledning
Tilsetjing i hht. gjeldande avtaleverk
Søknad
Send søknad via vårt elektroniske søknadssystem.
Om bedriften
Lindås kommune har ca 15.000 innbyggjarar og er nabokommune til Bergen. Ein vekstkommune med godt utbygde tenester og eit variert næringsliv. Knarvik er kommunesenter og regionsenter for Nordhordland. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vår visjon er å vera ein kommune der draumar blir røyndom, derfor ønskjer vi å vera kvalitetsbevisste, framtidsretta, inkluderande og tenestevillige.Bjørgvin DPS er ein moderne og veldriven klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus. Klinikken gir spesialisthelsetenester til bydelane Åsane og Arna i Bergen, Osterøy kommune og kommunane i Nordhordland; til saman 77 000 vaksne.