Sandøy kommune / nye Ålesund kommune søkjer assisterande rektor som saman med rektor kan leie skulen vidare
Assisterande rektor har etter delegering frå rektor faglege, pedagogiske, administrative og personaladministrative arbeidsoppgåver. Stillinga har 70 % administrasjonsressurs og 30 % undervisning. Assisterande rektor trer inn for rektor når denne er fråverande.
Arbeidsoppgåver:
- Oppfølging av spesialpedagogiske og sosialpedagogiske saker
- Samarbeid med eksterne tenester som t.d. PPT og Helsestasjon
- Timeplanarbeid og vikarordning
- Ansvar for koordinering av testar og nasjonale prøver
- Kartleggingar, undersøkingar og rapporteringar
- I samarbeid med rektor vere pådrivar i skulen sitt utviklingsarbeid
- Oppfølging av personale
- Oppfølging av elevsaker
Vi vil sjå samla på kompetansen til rektor og assisterande rektor slik at arbeidsoppgåvene til ein viss grad vil kunne tilpassast kompetanse og interesser.
Kvalifikasjonar:
- Pedagogisk kompetanse
- Undervisningskompetanse i minst eitt grunnskulefag
- Erfaring frå skuleverket
- Kompetanse innan administrasjon
- Leiarutdanning (kan kompenserast med erfaring)
- Kjennskap til relevante lover, forskrifter og avtaleverk
- Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg
Vi søker ein assisterande rektor som:
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er tydeleg og målretta
- Er systematisk og ryddig
- Er ein fleksibel lagspelar
- Legg vekt på medverknad og samarbeid
- Er opptatt av kvalitet og tverrfagleg innsats til eleven sitt beste
Vi tilbyr:
- Ei spennande og utviklande stilling
- Engasjerte og kompetente medarbeidarar
- God pensjonsordning
- Lønn etter avtale
Politiattest må framleggast.
Søknadsfrist: 14. juni 2019.
Har du spørsmål: kontakt einingsleiar Anita Øen 450 12 242
Søknad til post@sandoy.kommune.no
Om bedriften
Sandøy kommune er ein øykommune på grensa mellom Sunnmøre og Romsdal. Kommunen har 872 øyer, holmar og skjer, med ei samla kystline på 245 km. Mot vest ligg ein vernande skjergard og mot aust ei høgreist fjellrand på fastlandet. Mykje hav. Mykje himmel. Her bur og trivast vel 1250 innbyggarar.
Sandøy kommune skal saman med Haram, Skodje, Ørskog og Ålesund danne nye Ålesund kommune frå 2020.
Harøy skule er ein 1-10 skule med 163 elevar. Skulen har 28 årsverk, og bygger eit spanande tverrfagleg team med eleven i fokus. Skulen har ein høgt kvalifisert og engasjert stab av lærarar, fagarbeidarar, sosiallærar og miljøterapeut. Lærarane er organiserte i team, der teamleiarane inngår i plangruppa som saman med leiinga legg planar for det pedagogiske utviklingsarbeidet. Satsingsområde har vore klasseleiing, felles verdiar og grunnleggande leseopplæring. Skulen ligg sentralt på Harøya, vel ein time med hurtigbåt frå Ålesund eller ein knapp time med ferje frå Brattvåg.