Sjukepleiar 100 % vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4200498523 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS), avdeling for korttidsopphald og avlasting i perioden 01.05.2020 - 01.03.2021. Stillinga inneber turnusarbeid dag/kveld med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsstad
BUAS består per i dag av ein institusjonsdel med 14 somatiske plassar og 11 plassar i avdeling for personar med demens sjukdom, samt 68 husvære fordelt på tre soner, men det vil i nær framtid verte gjennomført ei omstilling. Det vil etter endring verte 18 plassar i avdeling for personar med demens, og 50 husvære fordelt på 2 soner:
- Sone 1: 26 husvære fordelt på fire bufellesskap
- Sone 2: 24 husvære fordelt på tre bufellesskap samt fire institusjonsplassar til korttidsopphald og avlasting
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du nyttar elektronisk søknad. Har du behov for hjelp til utfylling av søknaden, så ta gjerne kontakt med Servicetorget, tlf. 70 24 65 00.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.
Dei som skal jobbe med kommunalt pleiearbeid må levere politiattest av ny dato etter helse - og omsorgstenestelova § 5-4.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet består av vanleg sjukepleiefagleg arbeid og ansvar knytt til brukarane sine behov.
Kvalifikasjonar
Krav om autorisasjon/ offentleg godkjenning som sjukepleiar
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjukepleiar som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov.
Vi tilbyr
Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:
- Løn etter tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låneordningar
- Gode forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Wenche Oldeide, einingsleiar , 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Sykkylven bu- og aktivitetssenter
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4200498523
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.05.2020
Sluttdato: 01.03.2021
Søknadsfrist: 09.03.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.