Sommarjobb i frisk sjøluft på Sunnmøre
Sunnmøre friluftsråd søkjer fleire som kan hjelpe oss i arbeidet mot marin forsøpling.
Oppgåvene blir å rydde plast i strandsona, kartlegge forsøpla område, og vedlikehaldsarbeid i nokre friluftsområde.
Arbeidet blir i team på 2-4 personar, som også samarbeider med Skjergardstenesta.
Vi har jobb til fire personar i 100% stilling i perioden juni-august i 2021.
Kvalifikasjonar:
- God fysikk og arbeidslyst: Du må kunne jobbe heile dagar ute i fjøra
- Løysingsorientert og effektiv
- God til å samarbeide
- Erfaring med praktisk driftsarbeid
- Erfaring med handtering av båt
- Helst 18 år eller eldre
Har du i tillegg sertifikat for bil, båtførarbevis, erfaring med sjøliv og engasjement for kampen mot marin forsøpling, er det ein fordel.
Noko arbeid kan bli på helg- og kveldstid. HMS-reglane for operativt arbeid ute skal følgjast, friluftsrådet held arbeidsklede og utstyr. Løn etter avtale. Moglegheit for vidare arbeid som tilkallingshjelp for friluftsrådet etter sommaren.
Sunnmøre friluftsråd har kontor på Kvassneset i Sula, og arbeider over heile Sunnmøre.
Om bedriften
Sunnmøre friluftsråd (KO) er eigd av kommunane på Sunnmøre. I samarbeid med Skjergardstjenesta i Møre og Romsdal, arbeider vi for eit naturvennleg, berekraftig og lite utstyrskrevjande friluftsliv for alle. Dette gjer vi m.a. gjennom drift og tilrettelegging av friluftsområde og arbeid mot marin forsøpling.