Tannpleiar
Sandane tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Grandavegen 12, 6822 Sandane
Om jobben
Stillingstittel
Tannpleier
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 2. januar
Vestland tannhelseteneste – Sandane tannklinikk har ledig 100% fast stilling som tannpleiar. Til denne stillinga ligg det eit rekrutteringstillegg på 15 000 kr årleg som eit tillegg til tarifflønn.
Sandane er administrasjonssenteret i Gloppen kommune, og har eigen flyplass. Sandane ligg innerst i Gloppefjorden, med mogelegheiter for fantastiske naturopplevingar både sommar og vinter. Det er blandt anna skisenter på Utvikfjellet og utandørs svømmebasseng på Byrkjelo. På Sandane er det flott idrettshall med badeland.
Det er eit tett samarbeid mellom tannklinikkane på Sandane, Nordfjordeid og Stryn, sidan desse er utgjer Nordfjord klinikkområde med felles klinikkleiar.
Sandane tannklinikk er ein klinikk for 2 tannlegar, 2 tannpleiarar og 2 tannhelsesekretærar. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for fagleg utvikling med pasientar i alle aldrar.
Arbeidsoppgåver
Jobbe i førstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer.Klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
Halde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste.
Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar og beherske norsk flytande skriftleg og munnleg. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest før tilsetjing.Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Vi søkjer deg som:
- Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- Arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har gode samarbeidsevner
- Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- Ønsker å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr
- Gode mogelegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging av klinikkleiar og kollegaer
- Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
- Rekrutteringstillegg på kr. 15 000 årleg
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår gjennom fylkeskommunen
- Ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
Andre opplysningar
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om det er oppmoda om ikkje å bli ført offentleg søkjarliste. Om det er bedt om unntak, vil søkjaren bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010Arbeidsstad
Grandavegen 126822 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4841886191
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Elisabet Skrede
områdeleiar tannhelse
57638010
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2717093
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fe689a52cb4b45c7ba1c3b038ad0a0ef