Sjukepleiar 75 % natt
Stillingsannonsen er inaktiv.Akuttmottak og observasjon sengepost Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord
I akuttmottak har me ledig stilling som sjukepleiar, 75 % natt. I stillinga inngår 16 arbeidshelger/år. Andre stillingar kan bli ledige
Personleg eigenskap vert vektlagt.
Arbeidsoppgåver
- I stillinga inngår arbeid i smittemottak, akuttmottak, observasjonspost og kontrollrom ved Stord sjukehus.
- Som sjukepleiar i akuttmottak møter ein sjuke og skadde pasientar i alle aldersgrupper. Ein jobbar både sjølvstendig og som eit del av eit større team i ein variert og utfordrande arbeidsdag.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Søkjarar bør ha relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta.
- Det er ynskjeleg at søkjarar har erfaring frå akuttsjukepleie/akuttmedisin.
- Det er ynskjeleg at søkjarar kan handtere ICCS og kontrollromsarbeid, kjenne til og kunne bruke Nødnett som kommunikasjonsveg.
Personlege eigenskapar
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø også på tvers av profesjonar
- Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du er engasjert i faget og viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottek gjerne hjelp
- Du må trivast i eit aktivt og tidvis hektisk miljø og vera fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Relevant opplæring
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med stolte medarbeidarar
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
- Fagleg utvikling
Mangfaldserklæring
Helse Vest HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Tina Dahle Nilsen, Funksjonsleiar, 90606423Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4609029585
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Startdato: 14.03.2023
Sluttdato: 14.11.2023
Søknadsfrist: 02.02.2023
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Akuttmottak og observasjon sengepost Stord, Helse Fonna HF
Adresse
Tysevegen 64, 5416 Stord
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Om stillingen
Stillingstittel
Sjukepleiar 75% vikariat på natt
Antall stillinger
1
Oppstart
14. mars 2023
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Natt
Sist endret: 3. februar 2023
Hentet fra: talentech
Referanse: ebb289205e654e6e9551f34d2250cd8b
Stillingsnummer: beb81b7f-430c-4497-be29-23fd46b247a4