Lærar ved Edland skule
Lærar ved Edland skule
Sist endret: 22.05.2019 Del på Facebook Del på Twitter Send Epost Skriv ut
Inntil 100% vikariat som lærar frå 01.08.2019 -- 31.07.2020 -- ID 1655.
Søknadsfrist: 06.06.19
Me ynskjer lærarar som har:
- Godkjend kompetanse for undervisning i grunnskulen etter gjeldande krav for undervisningskompetanse
- Evne til å skape gode relasjonar til elevar og vaksne
- Gode samarbeidsevne og som viser fleksibilitet, engasjement og arbeidsglede.
- Lyst til å bidra i ein lærande organisasjon
- Gode klasseleiingseigenskapar
- God kompetanse i bruk av IKT i undervisninga
Fagynskje:
Alle som har godkjend kompetanse for undervisning i grunnskulen er aktuelle, men det vil vera ein fordel med undervisningskompetanse i basisfag, norsk for fleirspråklege og / eller spesialpedagogikk.
Me kan tilby:
- Eit utviklande skulefagleg miljø med plan for kompetanseutvikling
- Eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Løn etter tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Gode barnehagetilbod
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Funksjon som kontaktlærar kan bli lagt til stillinga. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Me ber om at søkjar nyttar elektronisk søknadsskjema og at det kjem klart fram av søknaden kvifor du søkjer stillinga.
Politiattest må visast fram ved tilsetting - jf. § 10-9 i opplæringslova, og i samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysingar om stillinga ved fungerande skulesjef Rune Sudbø Tveito tlf. 409 15 955 -- rune.tveito@vinje.kommune.no
Velkomen som søkjar hjå oss !