Kjøkkenassistent Vik Bygde- og sjukeheim
Me har ledig
75 % stilling som kjøkkenassistent ved Vik Bygde- og sjukeheim, vikariat frå snarast.
Dagtidsarbeid.
Arbeidsoppgåver
* Baking
* Behjelpeleg med varemottak
* Oppvask og ellers forefallande arbeid
Kvalifikasjonskrav
Me ynskjer at vedkommande har erfaring frå arbeid på kjøkken eller liknande.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Lønn etter kommunalt avtaleverk.
Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Den som blir tilsett må levera politiattest og helseattest av ny dato.
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du
grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Om bedriften
Vik kommune haromlag 2600 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i
tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen
landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde.
Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.
Tenestemålet er nynorsk.
Vik kommune er ein stor arbeidsplass med om lag 320 tilsette fordelt på ca 260 årsverk og
eit brutto driftsbudsjett på220 mill.kr.