Vi har ledig stilling i verdas beste jobb
Vi har ledig stilling i verdas beste jobb (om vi får sei det sjølv). For tida er det ledig 1 stk vikariat ved hjarte/lunge sengepost.
Avdelinga har 22 sengeplassar og mange erfarne, og fagleg sterke sjukepleiarar. Vi har eit godt arbeidsmiljø med
trygg og open kommunikasjon, og tar godt i mot nye.
Vi har regelmessige fagdager, og jobbar kontinuerleg med å halda oppe ein høg fagleg standard. I tillegg til ei
gruppe med hjartepasientar og ei gruppe med lunge/gastropasienter har vi
pasientar med mange ulike medisinske diagnosar.
Det er derfor alltid noko nytt å læra hos oss, noko som gjer arbeidskvardagen både utviklande og
spennande.
Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna HF. Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv,
radiologi med CT- og MR lab., fysioterapi avdeling og laboratorium med
blodbank. Stord sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde,
gynekologi og anestesi.
Opptaksområdet er på om lag 50.000 innbyggjarar, fordelt på fem kommunar.
Stord har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei
heil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt
utbygd skuletilbod med vidaregåande og Høgskule. Det er god kommunikasjon
nordover til Bergen/ Flesland og sørover til Stavanger.
Det er òg flyplass på Stord med god kommunikasjon til Oslo.
Dersom intern søknad og tilsetjing kan det verte ledig andre stillingsstorleikar, oppgi i søknaden din
dersom dette er aktuelt. Stillinga er ledig frå 05.12.22-27.08.23
Vi ynskjer å høyre frå DEG!
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål om stillingene.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiarfagleg oppfølging av pasientar saman med andre faggrupper
- Gi god omsorg til pasient og pårørande
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Ha gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du er sjølvstendig
- Du har høg arbeidsmoral
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Positivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå, stor bredde på medisinske problemstillingar
- Mulighet for nattevaktsturnus
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Dersom intern søknad og tilsetjing kan det verte ledig andre stillingsstorleikar
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er
kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,
funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt
eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å
leggje til rette for inkluderande rekruttering
Kontaktinformasjon
Anne Grete Solli, Funksjonsleiar, 91727832Olaug Sætre, Funksjonsleiar, 91775001
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4570560553
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 05.12.2022
Sluttdato: 27.08.2023
Søknadsfrist: 24.10.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.