Helsefagarbeidar
62,44% fast stilling. For tida natt-teneste i Tenester for funksjonshemma. ID 1836.
Søknadsfrist: 05.02.21
Turnus med arbeid kvar 3. helg. Stillinga er ledige frå 01.03.21
Tenester for funksjonshemma er lokalisert i to bufellesskap, Svingen og Reini. Svingen har 11 bueiningar med døgnkontinuerlig drift. Reini har 4 bueiningar med bemanning delar av døgnet. Stillingane har base på Svingen bufellesskap, men har tilsyn med Reini bufellesskap ved behov.
Me er opptekne av å gje gode tilpassa tenester til våre brukarar. Brukarane har ulik alder og funksjonshemmingar. Sentralt for arbeidet i avdelinga er tilrettelegging i tråd med den einskilde brukar sitt behov, brukars mogeligheit til å bestemme sjølv og bli inkludert.
Me søkjer deg som:
- Er autorisert helsefagarbeidar med interesse for fagfeltet
- Er fleksibel og ansvarsbevist
- Har evne til nytenking
- Har evne til å arbeide strukturert
- Har god samarbeidsevne
- Vil vera positiv kraft og haldningsskapande i avdelinga
Arbeidsoppgåver:
- Direkte pasientretta arbeid
- Delta i dei ordinære driftsoppgåvene i avdelinga
- Ta fagleg ansvar i tråd med kompetanse
Ved interne rokkeringer kan det og bli tilsett i andre ledige stillingar
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved Unn-Merethe Nordby tlf 947 96 515.
Søknad skal sendast på elektronisk skjema som du finn her