Barnevernkonsulent
Stillingsannonsen er inaktiv.Eining barn og familie
Rådhuset, 5685 Uggdal
Org. nr: - Stillingsident: 4389881264 Presentasjon av stillingen:
Tysnes kommune har ledig ei fast stilling som barnevernkonsulent i barneverntenesta.
Barneverntenesta er organisert under eining for barn og familie, saman med helsestasjon, jordmor, og psykisk helseteneste for barn og unge. Barneverntenesta har tilsaman 4 årsverk, fordelt på tre fagstillingar inkludert leiar, samt ei stilling som tiltaksarbeidar.
Til ledig stilling søkjer me ein person som kan bidra til å vidareutvikle fagmiljøet i tenesta og eininga barn og familie. Ut frå samansetning av personale i barneverntenesta, vil det verte tilpassa oppgåver med bakgrunn i rett kompetansebruk.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming etter lov om barneverntenester, herunder oppfølging av barn, unge og deira familie
- Barnevernfagleg kartleggings- og utredningsarbeid
- Inngå og vere aktiv deltakar i internt samarbeid
- Delta i rettleiing
- Delta i tenesta sitt utviklingsarbeid for å etablere ei open og tilgjengeleg barnevernteneste, og bidra til kompetanseheving
- Partsrepresentant i fylkesnemnd og øvrig rettsinstans ved behov
- Bidra til samhandlingskultur som sikrar god tverrfagleg og tverrsektoriell medverknad
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskuleutdanning
- Erfaring frå kommunal barnevernteneste er eit føremon
- Kunnskap om gjeldande lovverk, avtaleverk, regler og retningsliner innan sak- og fagområde
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort kl.B
- Politiattest må framleggast før tiltreding i stillinga.
Utdanningsnivå
- Høgskule / Universitet
Personlege eigenskapar
For å fylle den ledige stillinga leitar me etter deg som:
- er engasjert i barn og unge sine oppvekstvilkår
- har evne til å sjå barn og unge i deira situasjon
- har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner, og er ein relasjonsbyggar
- ser verdien av tverrfagleg praksis
- kan arbeide sjølvsendig og vere fleksibel
- Personleg eigenskapar vert tillagt stor vekt
Me tilbyr
- Stillingsstorleik: 100 %
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Kompetente kollegaer i godt arbeidsmiljø
- Moglegheit for kompetanseutvikling
- Løn etter tariff
- Fleksible arbeidstidsordning
- God pensjonsordning gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Ingvild Hustad, Einingsleiar barn og familie, 971 00 486
Arbeidsstad
Rådhuset
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4389881264
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Eining barn og familie
Adresse
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 26. mai 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4389881264_Eining barn og familie_webcruiter
Stillingsnummer: be7a73a1-af39-4230-a9b9-84a61ad12893