Kommunepsykolog
Org. nr: - Stillingsident: 4197642535 Presentasjon av stillingen:
Ørsta kommune er det frå d.d. ledig 100 % fast stilling som kommunepsykolog. Stillinga er for tida plassert i stab Tildeling og koordinering under kommune direktør. Stabsleiar tildeling og koordinering vil vere næraste overordna.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er primært delt mellom ein del kurativt arbeid, men med hovudvekt på systemarbeid, fagutvikling og rettleiing til samarbeidande fagmiljø i kommunen.
Det er eit sentralt mål at psykologen skal medverke til å styrke det samla kommunale arbeidet innan psykisk helse. Arbeidet skal primært omfatte barn og unge. Førebygging og tidleg intervensjon skal vektleggast.
Psykologen skal samarbeide med relevante aktørar i kommunen som fastlegar, teneste for psykisk helse, PPT, barnevern, helsestasjon- skuleteneste og spesiallistteneste. Den skal primært ha ein konsulterande og rådgjevande funksjon for desse.
Kommunen er i ein utviklingsprosess med styrking av det tverrfaglege samarbeidet for barn og unge. Det er oppretta både eit ressursteam og ei tverrfagleg leiargruppe for barn og unge. Psykologen skal ha ein naturleg plass i dette samarbeidet. Det er også ynskjeleg at psykologen vert med i kommunen sitt psykosoiale kriseteam. I Møre og Romsdal er det eit nettverk for kommunepsykologar som psykologen vert invitert inn i.
Kvalifikasjonar
- Søkjaren må ha godkjent utdanning som psykolog.
- Søkjaren må har førarkort klasse B.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Relevant arbeidserfaring.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, både internt i organisasjonen og med samarbeidspartane våre.
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
- Evne til å samarbeide sjølvstendig og prioritere arbeidsoppgåver innanfor tilgjengeleg ressurs og ramme
- Vilje og evne til fleksibilitet, og arbeide i samsvar med kommunen sitt verdigrunnlag
- Høg yteevne og stabilitet
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette.
Stillinga er plassert i kap. 5 stillingskode 8470 - psykolog
Løn etter avtale
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. Her kan du lese meir om heiltidskultur i Ørsta kommune
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Ved intervju og ved tilsetjing skal det leggjast fram rettkjend dokumentasjon av vitnemål og attestar.
Kontaktinformasjon
Oddvar Marøy, Stabsleiar tildeling og koordinering, 918 51 882, oddvar.maroy@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 6
6153 Ørsta
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ørsta kommune
Referansenr.:4197642535
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.03.2020
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap