Vil du jobbe med større reportasjer i fjellbygda Vang?
Denne jobben er ein del av Fjellspire-prosjektet der fire kontorfellesskap i Fjell-Noreg samarbeidar om sommarjobb til unge under utdanning. Som fjellspire får du utfordrande arbeidskvardag, høve for aktiv fritid og bistand til å finne bustad i lag med dei andre fjellspirene i miljøet. Meir på www.fjellspire.no
Arbeidsoppgåver: Nettsida vangivaldres.no saman med facebookside og til dels instagramkanal er dei viktigaste kanalen ut i verda for Vang og Innovangsjon.
Vi ser etter ein person som gjennom fire sommarveker kan løfte innhaldet i desse kanalane og eventuelt introdusere Vang for verda gjennom nye kanalar.
Arbeid og prioriteringar vert styrt etter interesse og kompetanse ut frå denne foreløpige arbeidsplanen:
- Produksjon av større reportasjar til vangivaldres.no
- Redaktør for Instagramkanalen vangivaldres gjennom fire veker.
- Produksjon av film, foto og innhald til Vang sine kanalar i sosiale medium.
Du: Er kreativ og stødig på tekst og foto.
Har du erfaring frå filmproduksjon og marknadsføring gjennom sosiale medium er eit pluss.
Interesse, engasjement og kunnskap kan vera nok for å få jobben. Elles kan dette vera relevante studium; Marknadsføring, journalistikk, kommunikasjon, digitale medie, PR, film, foto, fotojournalistikk.
Praktisk: Du lyt ha førarkort og eigen pc. Det er også ein stor fordel om du har eigen bil og foto/evt. film-utstyr.
Stad: Arbeidsstad er Kontorfellesskapet 1724 i Vang, men det praktiske arbeidet vil gå føre seg rundt om i heile kommunen.
Søknadsfrist 1. mars
Arbeidsperiode: 08.06-03.07
Vil du veta meir eller søke på stillinga? Kontakt dagleg leiar i Innovangsjon, Hallgrim Rogn hallgrim@vangivaldres.no // 412 22 769
Om bedriften
Bygdeutviklingsforetaket i Vang i Valdres som jobbar med næringsutvikling, bustader, møteplasser og blest med eit overordna mål om å auke folketalet i Vang kommune.