Assisterande avdelingsleiar 100 % fast stilling
Beskrivelse avdeling
Avdeling Heimetenester gir naudsynt helsehjelp og praktisk bistand til personar som bur i eigen heim.
I avdeling Heimetenester er det frå 01.04.2020 ledig 100% fast stilling for assisterande avdelingsleiar.Vi søker deg som trivst med varierte oppgaver og høgt tempo, og at arbeidsdagen ikkje alltid blir som planlagt.
Arbeidsoppgåver
Ass. avdelingsleiar har tett samarbeid med avdelingsleiar om tenesteytinga. Assisterande avdelingsleiar vil ha oppgåver knytta til planlegging og dagleg drift av avdelinga, ressursstyring, kvalitet- og fagutvikling, saksutgreiing og vedtak, samt Gerica. Ass. avdelingsleiar er ansvarleg i avdelinga når avdelingsleiar ikkje er til stades.
Stillinga er p.t. ei dagstilling, men i eit år vil ein teste ut at assisterande avdelingsleiar jobbar kvar 3. helg. I denne perioda vil stillinga ha turnus-arbeidstid.
Kvalifikasjonar
Helsefaglig høgskoleutdanning, primært bachelor i sjukepleie
Leiarutdanning eller anna relevant vidareutdanning er ynskjeleg
God muntlig og skriftlig norsk fremstillingsevne
Gode IKT-kunnskaper; gjerne kjennskap til Gerica
Erfaring fra heimeteneste er ynskjeleg, men ikkje noko krav
God forståelse for pasientflyt i kommunehelsetenesta
Kjennskap til kontinuerleg forbetringsarbeid
Vi ynskjer oss vidare ein medarbeider som
- evnar å jobbe måleretta og sjølvstendig
- er strukturert og systematisk
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har positiv holdning og godt humør
Du må dessutan ha førarkort for bil.
Me tilbyr
Ein heimeteneste i positiv utvikling og vekst
Ei verksemd som er framtidsretta, med fokus på god samhandling og arbeidsglede
Tverrfaglig arbeid i team
Varierte arbeidsdagar
Faglege utfordringar og eit godt arbeidsmiljø
100% stilling, med arbeid på dagtid og f.t. kvar 3. helg
Løn etter avtale
Pensjonsordning i KLP
Hjelp til å skaffe bustad
Politiattest
Stillinga krev godkjent politiattest, nyare enn 3 mnd.
Send søknad
Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". Me hjelper deg gjerne dersom du treng hjelp til å søkje elektronisk.
Ta med kopi av vitnemål og attestar ved ev. intervju
Om bedriften
Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen er den største av Hallingdals-kommunane med ca. 4.700 innbyggjarar, og med Bergensbanen og Rv. 7 som hovudårer. Flott natur og gode tilhøve for sport og friluftsaktivitetar. Kommunen har eit av landets beste kulturtilbod, og eit variert næringsliv, barnehageplass til alle, eit godt utbygd grunnskuletilbod, vidaregåande skule og kortreist kvardagsliv. Ål er helsekommunen ii regionen med Hallingdal sjukestugu og base for Norsk Luftambulanse.