Overingeniør/senioringeniør elektro
Org. nr: - Stillingsident: 4036296957 Presentasjon av stillingen:
Kystverket Midt-Norge har mellom anna ansvar for utbygging, drift og vedlikehald av fyr- og merkesystemet frå Stadt til grensa mot Nordland. Medarbeidaren skal i nært samarbeid med regiondirektøren og andre tilsette arbeide med planlegging og prosjektering av utbyggingstiltak innafor navigasjonsinstallasjonar og farleier. Viktige utfordringar vil vere arbeid med vedlikehald, nybygging og planreservar for navigasjonsinnretningar og farleier i Noreg.
Arbeidsstad for tida Ålesund. Stillinga medfører ein del reiseverksemd.
Arbeidsoppgåver
- Rådgjeving og sakshandsaming innafor fagområda navigasjonsinstallasjonar, fyrstasjonar og farleier
- Følgje opp målsettingane for Kystverket si verksemd
- Oppbygging av planreservar
- Rettleie brukarar innafor fagområda
- Prosjektstyring/-oppfølging
- Utstrakt samarbeid, også med kollegaer i andre regionar og Kystverket Rederi
- Andre oppgåver kan tilleggast stillinga
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på bachelor-/masternivå ¿ elektro sterkstraum
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne norsk/engelsk
- Minimum 3 års praksis innafor fagområdet elektro
- Røynsle frå planarbeid og prosjektering
- Ønskeleg med røynsle som elektroinstallatør innan offentleg forvaltning eller offentleg/privat verksemd
- Ønskeleg med kjennskap til FDV-system
- Sertifikat for bil klasse B
- God generell datakunnskap. Det vert gitt opplæring i Kystverket sine fagsystem
Personlege eigenskapar
- Initiativrik og evne til å arbeide sjølvstendig
- Strukturert og løysingsorientert
- Stor arbeidskapasitet
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
- Framtidsretta, engasjert og påliteleg
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling med gode utviklingsmuligheiter i ein nasjonal samferdselsetat
- Eit utviklande og godt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsgjevar som legg til rette for fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
- God pensjon og låneordning i Statens Pensjonskasse
- Løn etter kvalifikasjonar som overingeniør, st.kode 1087, eller senioringeniør, st.kode 1181, ltr. 58 - 70, kr. 505.800 - kr. 631.700, i staten sitt lønsregulativ
Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmoder alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hjå oss.
Kontaktinformasjon
Harald Tronstad, Regiondirektør, 95763867
Arbeidsstad
Nørvevika
6008 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kystverket
Referansenummer:4036296957
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 22.04.2019
Om bedriften
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.