Sakshandsamar - seksjon skule
Org. nr: - Stillingsident: 4095993264 Presentasjon av stillingen:
Stillinga er lyst ut som eit 100 % vikariat i perioden 1.8.19-31.7.20. Det kan verte aktuelt med forlenging. Arbeidsoppgåvene som er lagt til stillinga vil hovudsakleg vere administrative oppgåver knytt til ressursdisponering, rekruttering, kompetanseplanlegging samt rettleiing og sakshandsaming mot grunnskule og vaksenopplæring.
Arbeidsoppgåver
- Planarbeid knytt til seksjon skule sine forvaltingsområde
- Administrative oppgåver knytt til personal- og ressursdisponering
- Administrative oppgåver knytt til rekruttering og kompetansekartlegging
- Sakshandsaming elevsaker
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning på høgskulenivå
- Relevant arbeidserfaring frå grunnskule
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
- Er utviklingsorientert, serviceinnstilt og har gode samarbeidseigenskapar
- Kunne arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
- Evne til å nytte IKT-verkty i arbeidet
Vi tilbyr
Utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid fagmiljø med dyktige medarbeidarar.
Stillinga er plassert i kapittel 4 med stillingskode 7531 - sakshandsamar.
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. Her kan du lese meir om heiltidskultur i Ørsta kommune.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Kirsti Øy Driveklepp, seksjonsleiar skule, 90417319, kirsti.driveklepp@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 6
6150 Ørsta
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Seksjon skule
Referansenummer:4095993264
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.08.2019
Sluttdato: 31.07.2020
Søknadsfrist: 27.06.2019
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver