Baker / konditor
Flåm Bakeri opna sommaren 2016 og er eit handverksbakeri innerst i Sognefjorden. Me lager alle produkt for hand, inkludert ei rekke brødvariantar, god gjærbakst, kaker og pizza. Me brukar ikkje tilsettingsstoff i deigane eller halvfabrikat bakemiks, alt vert produsert frå grunnen av med omtanke og kjærleik til lokale og norske råvarer.
Du bør med fordel ha erfaring med håndoppslag av brød og boller, da vi ikkje har maskiner til dette.
++Arbeidsoppgåver:++
· Dagleg produksjon av diverse gjærbakst, brød og kaker
· IK mat, inkludert reinhald og dokumentasjon
· Noko arbeid i utsalet (lågsesong særleg)
· Tett samarbeid med våre andre bakarar og tilsette i service
++Ynskjelege kvalifikasjonar:++
Me ser etter deg som er interessert i å bidra med å utvikle vår bakeri/konditor avdeling og bygge vidare på vårt konsept rundt gode handverksprodukt.
· Fagbrev som bakar/konditor
· Relevant arbeidserfaring
· Positiv og utadvendt, og kan handtere ein til tider travel arbeidskvardag
· Kommuniserer godt med kundar og kollegaer
++Vi tilbyr++:
· Fulltidsjobb
· Oppgåver der du kan utvikle deg sjølv
· Vi kan hjelpe til med å finne bustad
· Konkurransedyktig løn og jobb i eit av landets leiande reiselivsselskap.
Løn og arbeidstid etter avtale -- øvrige arbeidsvilkår i samsvar med Norway's best AS sine retningslinjer.
Om bedriften
Norway's best AS (tidlegare Flåm AS) har i over 20 år posisjonert Flåm med Flåmsbana og Nærøyfjorden til eit av dei største turistreisemåla i Noreg. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lysefjorden, Hjørundfjorden, Hardanger, Lofoten og Narvik. Norway's best AS er eigd av Aurland Ressursutvikling som i 2019 hadde ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og meir enn 1,7 millionar gjestar. Aurland Ressursutvikling eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 50 % av Flåmsbana, 50 % av The Fjords og 33,5 % av Arctic Train. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og to bakeri.