Kontaktlærar
Org. nr: - Stillingsident: 4384803569 Presentasjon av stillingen:
Tu skule har 100 % stilling som kontaktlærar frå 01.08.21.
Tu skule er ein PALS-skule med 267 elevar fordelt på 1.-7. trinn. Me er stolte av å ha eit godt profesjonsfellesskap med dyktige tilsette. Skulebygnignen er moderne og har utstyr som legg til rette for variert undervisning. Alle elevar og lærarar nyttar i-Pad i undervisninga. Dei siste åra har skulen bygd opp skaparverkstad som skal leggja til rette for utforsking og kreativitet. Skulen vart sertifisert Dysleksivennleg i 2018. Me har eit positivt elevmiljø og samarbeider godt med føresette og andre i Tu-krinsen, blant anna gjennom "Partnerskap mot mobbing".
Skulen er praksisskule for studentar på Universitetet i Stavanger, og ein del av Jærskulen. Jærskulen er eit samarbeid om skuleutvikling mellom kommunane Gjesdal, Time, Hå og Klepp.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja og gjennomføra undervisning for elevar på småskulen.
- Ha tett samarbeid med kollega, føresette og andre instansar.
- Gjennomføra tilsyn inne og ute.
- Delta i pedagogisk utvikingsarbeid.
Kvalifikasjonar
- Godkjend undervisningskompetanse for 1.- 7. trinn.
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
- God IKT-kompetanse.
Den som vert tilsett må før oppstart levera politiattest som ikkje er eldre enn 3 månadar. Jfr. opplæringsloven § 10-9.
Personlege eigenskapar
- Du er ein tydeleg og varm klasseleiar.
- Du skapar gode relasjonar til elevane.
- Du er ein motivert og engasjert pedagog.
- Du bidreg positivt i samarbeid med kollega og føresette.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø på ein moderne skule.
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram frå utlysing, og gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Lønn i høve til lokal lønnspolitikk.
Kontaktinformasjon
Vibeke Sola, Rektor, 40288726, vibeke.sola@klepp.kommune.no
Arbeidsstad
Lalandsvegen 410
4340 Bryne
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Klepp kommune
Referansenr.:4384803569
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2021
Søknadsfrist: 17.05.2021