Sommarjobb for ungdom 2020
Org. nr: 963 989 202 Stillingsident: 4215535644 Presentasjon av stillingen:
Stryn kommune har ledig sommarjobb for ungdom i aldersgruppa 16 til 23 år. Det er ialt 20 ledige plasser med arbeid 3 veker per ungdom.
Søkjarar som ikkje har hatt sommarjobb gjennom denne kommunale ordninga tidlegare, og kandidatar som er busett i Stryn kommune, vil bli prioritert.
Det er flest arbeidsplassar innan barnehage, pleie og omsorg. Tradisjonelt er det mange jenter som søkjer så vi oppfordrar også gutar til å søkje på desse arbeidaplassane
Arbeidsoppgåver
Truleg vert fordeling av arbeidsplassar følgjande:
- Bygg / vedlikehald - 4 plassar. Fordel med førarkort
- Aktiviseringsoppgåver knytta til barnehage, 2 veker før ferie og 1 veke etter ferie - 5 plassar
- Eining for pleie og omsorg Stryn og Vikane, og Miljø og velferd - 9 plassar
- Flyktningtenesta - 2 plassar
Kvalifikasjonar
Du må søkje elektonisk.
Treng du hjelp kontakt servicekontoret 57 87 47 00, eller kom innom.
Når du søkjer sommarjobb - prioriter inntil 2 arbeidsplassar.
Den som vert tilsett må sjølv syte for transport til og frå arbeidsplassen.
Vi tilbyr
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement. Opplys om du har førarkort.
Politiattest vil bli kravd for tilsette innan barnehage, pleie og omsorg og miljø og velferd.
Attest må leverast ved jobbstart.
Kontaktinformasjon
Dorthea Sølvberg Sætre, Konsulent Personalavdeling, 57 87 47 38
Arbeidsstad
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stryn Kommune
Referansenr.:4215535644
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.04.2020
Om bedriften
Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.