Ledige undervisningsstillingar i grunnskulane
Org. nr: - Stillingsident: 4376245093 Presentasjon av stillingen:
Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule i tillegg til eit opplæringssenter. Administrasjonsmålet er nynorsk. Gloppen skal i åra framover jobbe med Inkluderande barnehage- og skulemiljø gjennom Udir si satsing. Det er låg arbeidsløyse i kommunen og både næringsliv og kommunen har trong for kompetente medarbeidarar på nær sagt alle kompetansenivå. Besøk kommunen si nettside for informasjon om kommunen og skulane.
Arbeidsoppgåver
Vi har fleire ledige stillingar og det vil truleg kome enno fleire stillingar fram mot skulestart. Stillingane er vikariat for skuleåret 21/22 eller delar av skuleåret. Det er gode mogelegheiter til at nokre av dei kan verte faste stillingar etter kvart. Søkjarar vert oppmoda om å prioritere arbeidsstad i søknaden.
Aktuelle arbeidsstadar:
Hyen skule: 1-10 skule med kring 50 elevar.
Gloppen opplæringssenter: Vaksenopplæring.
Breim skule: 1-7 skule med kring 115 elevar. Skulen er PALS-skule.
Sandane skule: Fulldelt 1-7 skule med to parallellar og om lag 240 elevar.
Gloppen ungdomsskule: Ungdomsskule med tre parallellar og rundt 220 elevar.
Nordstranda skule: 1-7 skule med om lag 110 elevar. Skulen er PALS-skule.
Vikarar. Alle skulane ynskjer kontakt med tilkallingsvikarar som kan stille på snarast. Ta kontakt med rektorane i tillegg til å sende inn søknad på stilling.
Kvalifikasjonar
Vi ynskjer lærarar som har:
- godkjend pedagogisk utdanning for arbeid som grunnskulelærar 1-7 eller 5-10 eller faglærarar. Det er viktig med basisfag og krav om formell kompetanse etter ny forskrift.
- fleire basisfag (norsk, engelsk, matematikk) og spesialpedagogikk.
- digital kompetanse.
- god kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål.
- undervisningserfaring, god kompetanse på klasseleiing og røynsle som kontaktlærar.
- gode personeleg eigenskapar som samarbeidsevne, relasjonskompetanse, systematikk, inkluderande klasseleiing og bidrag til eit godt arbeidsmiljø.
- menn vert særleg oppmoda til å søkje.
Vi tilbyr
- Variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
- Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
Kontaktinformasjon
Ragnhild Laila Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, 418 03 716
Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, 913 31 262
Elisabeth Sunde Andenes, Rektor Nordstranda skule, 958 69 279
Gro Larsen Hjelle, Konst. rektor Breim skule, 906 19 713
Vigdis Henden, Rektor Hyen skule og barnehage, 458 73 989
Sonja Jordanger Loen, Rektor Gloppen opplærinssenter, 990 85 505
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, 957 78 875
Arbeidsstad
6823
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Gloppen kommune
Referansenr.:4376245093
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2021
Sluttdato: 31.07.2022
Søknadsfrist: 20.04.2021
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 -- 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikkommune.