Leksehjelp
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Vi søkjer etter engasjerte personar som likar å lære bort.
På grunn av covid-19 er det viktigare enn nokon gong å styrke teknikk for sjølvstudium, styrke datakunnskapar og aktivisere elevar. Fjaler kommune har busett mange flyktningar dei siste åra, og vi kjem godt ut i integreringarbeid, språkopplæring og skuletilbod for vaksne flyktningar. Likevel ønskjer vi å bli betre, og vi ser at eit tilbod om leksehjelp på kveldstid hadde vore fint for mange.
Tilbodet vil gå til flyktningar som er på norskopplæring for vaksne i Fjaler på dagtid, og til dei som har kome lengre i språket og går på grunnskule for vaksne. Vi har også elevar som er ferdig i introduksjonsprogrammet, men som kunne trengt å praktisere språket meir.
Språknivået varierer frå under A1 og opp til A2/B1. (Sjå link til definisjon av nivåa: https://www.folkeuniversitetet.no/Artikler/Spraakkurs/Europaraadets-nivaaskala-for-spraak )
Flyktningane som går på grunnskule vil ha behov for støtte i alle 5 grunnleggande fag dei har på skulen (norsk, matematikk, engelsk, naturfag og samfunnsfag). Resterande vil ha behov for bistand i norsk.
Vi søker ein eller to personar som har engasjement for gruppa, som vil bidra i integreringsarbeidet vårt og som har eit auge for kulturforskjellar. Det er flott om du har undervisningserfaring. Gode kommunikasjonsferdigheitar er ein føresetnad.
Oppdraget er på kveldstid i to timar, ein dag i veka. Løn etter avtale.
Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om det å vere leksehjelp. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Elisa Haddeland, Tlf: +47 57738014, Mobil +47 40446015, Epost: Elisa.Haddeland@fjaler.kommune.no
Om bedriften
Fjaler kommune har om lag 2750 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500. Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod. UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.
I oppvekstsektoren finn ein alle barnehagane og grunnskulane. Til saman er det tre kommunale barnehagar og fem skular. Integreringsarbeidet ligg og under oppvekstområdet i Fjaler. Det er busett over 60 flyktningar sidan 2015.