Miljøterapeut - Fast - Notevarp
Omtale av arbeidsstaden
Notevarp er ein av omsorgsbustadene i Midt-Telemark kommune som yter tenester til menneske med behov for burettleiing og miljøarbeid. Notevarp ligg sentralt på Gvarv i nye lokalar frå 2015. Notevarp har i overkant av 32 årsverk fordelte på ulike faggrupper.
Tenesta er prega av godt arbeidsmiljø og godt humør med rause og hyggelege kollegaer.
Kort om stillinga
Stillinga som miljøterapeut er ein 100% stilling fordelt mellom kortvakter og langvakter(12,5 t) i turnus, med arbeid kvar 4. helg.
Stillinga er ledig frå d.d.
Stillinga har særskilt fagtid innlemme i turnus.
Arbeidsoppgåver
Systematisk miljøterapi knytt til fleire brukarar
Fag- og utviklingsarbeid
Fag- og primærkontaktansvar
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
3-årig høgskule/universitetsutdanning innan helse, sosial, pedagogikk. Andre med annan relevant utdanningsbakgrunn vil òg bli vurdert.
I denne stillinga er det ønskeleg med erfaring/vidareutdanning innan psykisk helse.
Personlege egenskapar
På grunn av brukarsamansetninga på Notevarp er personleg eignahet spesielt viktig.
Vi ser etter ein person med tolmod, høg omsorgsevne, gode kommunikasjonsevner og godt humør.
Stillinga krev òg at ein kan behalde roa i utfordrande situasjonar.
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet.
Særskilt for stillinga
Krav om politiattest jf. Lov om Helse og omsorgstjenetser § 5-4. Må frammleggast før oppstart i stilling.
E-læringskurs for nytilsette i Midt-Telemark kommune skal gjennomførast før oppstart i stilling.
Førarkort klasse B.
Vi tilbyr
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Vi anbefaler å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du
kopiere/lime inn teksten i søknaden.
Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden.
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med
kvittering om at søknaden er mottatt.
Om bedriften
Midt-Telemark kommunen har omlag 11000 innbyggjerar.Midt-Telemark kommune har eit godt utbygd skule- og barnehagetilbod. Kommunen kan tilby eit rikt kulturliv og har eit godt utbygd tilbod innan idrett og fritid. Midt-Telemark kommune er eit naturskjønt område med landets beste klima som gir gode moglegheit for friluft sommer og vinter.