Ledig stilling:
Har du lyst til å vera ein av teamet vårt? Me treng fleire med på laget!
Me har ledige helsefagarbeidar og assistentstillingar, både fast på helg eller som ringe-/ferievikar.
Arbeidsoppgåver:
Pleie- og omsorgsoppgåvar for helsefagarbeidar og assistenter i heile Pleie- og omsorg, både dag/aften og natt. Me har spennande dagar med mykje variasjon og kjekke kollegar. Me set arbeidsmiljø høgd og jobba heile vegen med å finne gode løysingar.
Kvalifikasjonar:
- Helsefagarbeidar med autorisasjon
- Ufaglærte kan og søkje
- Gode datakunnskap
- Gode norskkunnskap både munnlege og skriftleg
Eigenskapar:
Me søker deg som kan arbeida både i team og sjølvstendig.
- Har fagleg innsikt og tryggleik
- Har godt humør og god kommunikasjonsevne.
- Er svært fleksibel og endringsvillig.
- Er opptatt av faget og utvikling i eigen avdeling
- Likar rettleiing for andre tilsette, studentar og andre som er i praksis.
- Likar å dele kunnskap og utvikle tenesta i samtrå med nasjonale retningsliner/endringsbehov
Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetjing
Annan informasjon
Me kan tilby eit godt arbeidsmiljø med stabilt personale. Me har eit flott nybygga moderne omsorgssenter i Etne, der bruk av teknologi er ein del av tenesta.
- Faglege utfordringar.
- Forhandlingsturnus.
- 4 veker samanhengande ferie i sommar.
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Send søknad