Lærar
Stillingsannonsen er inaktiv.Førde kommune Frøysland skule
Førde
Det vert truleg ledig inntil 60 % fast lærarstilling ved Frøysland skule frå 1.8.2019. Skulen er ein liten to-delt barneskule som ligg i Haukedalen, 4 mil frå Førde sentrum. Han har gode lokale og er godt utstyrt.
Vi søkjer primært etter lærar med allmennlærarutdanning, gjerne med engelsk som ein del av fagkretsen. Vedkommande må ha evne til samarbeid og fleksibilitet. Frøysland skule er ein del av Førdeskulen og samarbeider tett med dei andre skulane i kommunen.
Haukedalen har flott natur med fjell, bre, elvar og vatn. Om vinteren er det mykje snø, eit eldorado for ein med interesse for friluftsliv. Dette er også verdiar som skulen nyttar seg av med mange ulike aktivitetar.
Skulen har godt samarbeid med lokalsamfunnet og er ein viktig del av bygda.
Meir informasjon om skulen finn du på http://www.froysland.skule.no/index.php
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Lilly Grøneng, Tlf: +47 57828790, Mobil +47 41630616
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Førde kommune Frøysland skule
Førde ligg midt i Sogn og Fjordane og tilbyr rike naturopplevingar med sine vakre elvar, fjell og dalar. Kommunen har om lag 13 000 innbyggarar og er sentrum for handel, service og utdanning i fylket. Vi har eit variert kulturliv med teater, kino, konsertar og utstillingar samt andre kulturhendingar. Mykje av dette er knytt til vår eiga storstove, Førdehuset, som også byr på svømmehall og idrettsanlegg. Førde kommune er den største arbeidsplassen i kommunen ved sida av Sentralsjukehuset og har om lag 1200 arbeidstakar innanfor mange ulike yrke.
Om stillingen
Stillingstittel
Allmennlærer (grunnskolen)
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 3. mars 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 9988652
Stillingsnummer: bc8b9921-e5b9-420f-a8f0-42556f6fbcf8