Sosionom
Org. nr: - Stillingsident: 4099534647 Presentasjon av stillingen:
Karmøy DPS er ein del av klinikk for psykisk helseven i Helse Fonna HF. Karmøy DPS har i samarbeid med Haugaland DPS ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenesetene i opptaksområdet (Haugesund, Tysvær, Utsira, Bokn, Sveio, Vindafjord, Karmøy, Etne, Sauda og Suldal) med eit samla befolkningsgrunnlag på omlag 120 000 innbyggjarar.
Institusjonen flytta inn i nybygg mai 2006. Institusjonen har 17 døgnplassar fordelt på 7 psykose-/rehab.- og 10 døgnplasser til tverrfaglig spesialisert rusbehandling. 14.01.08 åpna eigen ruspoliklinikk, samt underavdeling av felles rehabiliteringspoliklinikk og allmennpsykiatrisk poliklinikk med Haugaland DPS. VI kan tilby eit godt tverrfagleg fagmiljø.
Ruspoliklinikken er ein tverrfagleg sammensatt poliklinikk med lege, psykologspesialist, sosionomar og psykiatrisk sjukepleiar. Vi tilbyr utgreiing og behandling av personar med psykiske lidingar og rusmiddelavhengigheit frå 16 år og opp. Arbeidet inneber individuell utgreiing og behandling, familiearbeid, målretta og langvarig samarbeid med kommunale instansar og andre deler av spesialisthelsetenesta.
Arbeidsoppgåver
- Utgreie og søke inn pasientar til relevant institusjonsbehandling.
- Eksternt og internt samarbeid for ei heilskapele tilnærming til psykiske, somatiske og sosiale forhold
- Deltaking i ansvarsgrupper rundt pasientane
- Undervisning, rettleiing og konsultasjon ved behov overfor kollegaer, interne/eksterne samarbeidspartnarar.
- Kontinuerleg fagleg oppdatering, inklusive nasjonale faglege retningsliner, retlleiarar mm.
- Dokumentasjon av behandlingsintervensjonar og samarbeid gjennom journalføring og rapportering.
- Behandlaransvar for pasientar med TSB rettigheter.
Kvalifikasjonar
- Gode norskferdigheiter skriftleg og munnleg.
Utdanningsretning
- Sosionom
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Personlege eigenskapar
- Evne til samarbeid
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Evne til å stå i krevande situasjonar
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Strukturert
- Evne til å sette seg inn i og jobbe etter poliklinikken sine rutinar og praksis
- Fleksibel
Vi tilbyr
- Rettleiing
- Lønn etter gjeldande avtalar
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Ingrid Camilla Aasbøe Heggland, Seksjonsleiar, 95767168
Arbeidsstad
asaldalveien 1
4250 Kopervik
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenummer:4099534647
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 07.07.2019
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.