Kontorleiar til kommunalt legesenter 100 % fast stilling
Org. nr: 964 980 365 Stillingsident: 4295902516 Presentasjon av stillingen:
Legesenteret i Sykkylven vert kommunalt frå 01.07.2021, og vi søkjer kontorleiar som kan starte planlegging og overgang frå privat til kommunal drift. Oppstart i stillinga 1.mars 2021.
Stillinga som kontorleiar inneber fag/personal - og økonomiansvar for den kommunale drifta ved kontoret frå 1.7.2021. Kontorleiar vil vere med i leiargruppa for eininga.
Arbeidsstad
Legesenteret er lokalisert sentralt i Sykkylven. Senteret er godt utstyrt, har eige laboratorium og nyttar CGM Allmenn journalsystem. Legesenteret har 8 legestillingar, LIS1 lege og hjelpepersonell.
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du sender elektronisk søknad. Vi ønskjer at det vert oppgitt minst to referansar i søknaden.
Attestar og vitnemål kan leggast ved søknaden, og må leggast fram ved evt intervju.
Spesielle krav til stillinga
I samsvar med helsepersonellova vert det stilt krav om politiattest av ny dato, ikkje eldre enn ein - 1 - månad.
Arbeidsoppgåver
Kontorleiar vil ha ansvar for dagleg leiing, og saman med tilsette sikre ei god vidareutvikling av det kommunale legekontoret.
Kontorleiar vil få eit meiransvar for arbeidet med ajourhald og utarbeiding av nye rutinar og retningsliner i kvalitetssystemet. Arbeidet vil skje i nært samråd med legane og anna helsepersonell ved legekontoret.
Leiar blir eit viktig bindeledd i å sikre god informasjon og kommunikasjon både internt og eksternt, tverrfagleg samarbeid, og halde seg oppdatert på utviklinga innan
helse - og omsorgstenesta i kommunen.
Det følger personal- og økonomiansvar med stillinga. Kommunen søkjer sjukepleiar til denne stillinga, då den også vil innebere oppgåver delegert frå lege, samt merkantilt arbeid og laboratorieteneste.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon/ offentleg godkjenning som sjukepleiar
- Leiarerfaring og leiarkompetanse
- Vidareutdanning tel positivt
- Gjerne relevant erfaring frå legekontor/sjukehus
- IKT - kompetanse og forståing for elektronisk samhandling, journalføring og elles vanleg programvare.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Tydeleg og med gode kommunikasjonsevner
- Serviceinnstilt og positiv
- Evne til å arbeide sjølvstendig, er nøyaktig og har god ordenssans
- Trivast i eit aktivt og hektisk miljø, og er løysingsorientert
- Personlege eigenskaper blir særleg vektlagt
Vi tilbyr
- Høve til å bidra til å bygge opp eit sterkt fagmiljø og eit godt arbeidsmiljø
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Løn etter avtale/ tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låneordningar
- Gode forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Eli Otterlei, Kommunalsjef, 93201413, eli.otterlei@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Sykkylven bu- og aktivitetssenter
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4295902516
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2021
Søknadsfrist: 29.10.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.