Barne- og ungdomsarbeidar
Org.nr.:864 968 422 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Vi har ledig ein mellombels stilling i minimum 40% som barne- og ungdomsarbeidar i Flekke barnehage frå august 2019 og ut desember 2019.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget. Andre med erfaring frå skule eller barnehage kan og søkje
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Har godt samspel med barn og vaksne
- Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
Vi tilbyr
- Introduksjonsprogram for nytilsette
- Løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ
- Innmelding i pensjonsordning
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Anita Nyland Skaar, Tlf: +47 57738075, Epost: anita.nyland.skaar@fjaler.kommune.no
Om bedriften
Flekke skule og barnehage dekker bygdene Flekke og Straumsnes. Skulen og barnehagen er samlokalisert og skulen er for tida tredelt og har 35 elevar. Barnehagen har 34 plassar, men har i dag barn i 20 plassar.
Barnehagen har sterkt fokus på at barna skal oppleve eit trygt og aksepterande miljø, der barna får høve til å nytte og utvikle sine sterke sider på ein god måte i leik og læring.
Flekke skule syner til svært gode resultat når det gjeld elevundersøkingar, tilbakemeldingar frå foreldre og nasjonale prøver.
Undervisninga på skulen vert gjort i ein kombinasjon av tradisjonelle og nye undervisningsmetodar i stadig søk etter utvikling, med sterkt fokus på elevmiljø og klasseleiing.