Sakshandsamar arealplanlegging
Org. nr: - Stillingsident: 4375940688 Presentasjon av stillingen:
Bømlo kommune har no ledig 100% fast stilling som sakshandsamar arealplanlegging på planavdelinga ved eininga Arealbruk. Avdelinga har frå før to stillingar som arbeider med reguleringsplanar. Det er stor pågang av private reguleringsplanar. Kommunen har gjort vedtak om at det skal lagast nye kommunale reguleringsplanar i sentrumsområda Svortland og Mosterhamn. Arbeidet med rullering av arealdel kommuneplan krev auka kapasitet på planarbeid i kommunen.
Arealbruk rapporterer til kommunalsjef samfunnsutvikling, og er inndelt i fagområda arealplan, byggjesak og deling, kart og oppmåling samt landbruk og miljø. Avdelinga har i dag 14 tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming kommunale- og private reguleringsplanar
- Delta i utarbeiding av arealdel kommuneplan
- Saksførebuing/ utarbeiding av saksframlegg til politisk behandling
- Rettleiing til kommunen sine innbyggjarar og til profesjonelle aktørar, både munnleg og skriftleg
- Ansvarleg for planregisteret i kommunen
- Arbeidsoppgåvene vil elles vera avhengig av dei behov som avdelinga har til ei kvar tid og av kvalifikasjonane til den som blir tilsett
Kvalifikasjonar
- Utdanning på høgskule- eller universitetsnivå som arealplanleggjar, ingeniør eller anna relevant høgare utdanning
- Kunnskap eller erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel, men nyutdanna kan og søkja
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Erfaring med bruk av GIS-verktøy t.d. SOSI, kjennskap til bruk av elektronisk saksbehandlings-system og andre IT-verktøy
- Må disponera eigen bil
Personlege eigenskapar
- Lett å samarbeida med
- Serviceinnstilt, initiativrik og effektiv
- Strukturert og god til rett prioritering av arbeidsoppgåver
- Er positiv og interessert i å bidra i avdelinga si utvikling
- Set deg raskt inn i nye problemstillingar, og kan levera under tidspress
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstid
- Konkurransedyktige løns- og avtalevilkår
- Medlemskap i KLP
Kontaktinformasjon
Tone Stavland, Kommunalsjef samfunnsutvikling, 53 42 31 52, tone.stavland@bomlo.kommune.no
Njål Gunnar Slettebø, Fagansvarleg arealplan, 53 42 31 32, njal-gunnar.slettebo@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 1
5430 Bremnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommune
Referansenr.:4375940688
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.05.2021
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause , modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus -- hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig -- me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert -- driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.