Er du vår nye HR-direktør?
Stillingsannonsen er inaktiv.Helse Møre og Romsdal HF
6026 Ålesund
Org. nr: - Stillingsident: 4346427797 Presentasjon av stillingen:
HR-direktør er øvste leiar for HR-avdelinga, som i hovudsak har ansvar for rekruttering, leiarutvikling, opplæring og kompetanseutvikling, lønnsforhandlingar, organisasjonsutvikling, HMS og bedriftshelseteneste. Ei sentral oppgåve er å legge til rette for at leiarar og tilsette har rett kompetanse og verktøy i arbeidet med å skape «pasienten si helseteneste». Eit godt samarbeid med tillitsvalde og verneteneste er ein viktig del av arbeidsfeltet.
Vi søkjer deg som vil medverke til at Helse Møre og Romsdal når strategiske mål ved å vere pådrivar for utvikling og styrking av HR som fagområde. HR-direktøren utgjer saman med adm. direktør, dei andre stabsdirektørane og klinikksjefane leiargruppa i Helse Møre og Romsdal. Leiargruppa har eit heilskapleg ansvar for helseføretaket sine mål, rammer og verdigrunnlag.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet.
- Leiarerfaring frå spesialisthelsetenesta og/eller offentlig sektor er ønskjeleg.
- Erfaring frå strategisk kompetanse- og organisasjonsutvikling i store organisasjonar og kan vise til resultat.
- Kjennskap til lov- og avtaleverket som regulerer arbeidslivet.
Personlege eigenskapar
- Du er analytisk, reflektert, har gode samarbeidsevner og flink til å byggje relasjonar.
- Du er ansvarleg, tenkjer heilskapleg og er van med å løyse samansette problemstillingar.
- Du er endringsvillig, har gjennomføringskraft og er ein god formidlar.
- Du er opptatt av å byggje gode relasjonar til leiarar, tillitsvalde og verneombod.
Vi tilbyr
- Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av spesialisthelsetenestene til beste for innbyggjarane i Møre og Romsdal.
- Vi inviterer deg inn i eit stimulerande arbeidsmiljø, med gode høve for fagutvikling.
- Konkurransedyktige løns- og personalvilkår, inklusive gode pensjons- og forsikringsordningar
Andre opplysningar
- Du må pårekne noko reiseaktivitet i samband med jobben.
- Du må kunne framlegge tilfredsstillande politiattest.
- Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste.
- Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje blir tatt til fylgje.
Kontaktinformasjon
Øyvind Bakke, Adm .Direktør, 91369981
Arbeidsstad
6026
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4346427797
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.03.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Adresse
Åsehaugen 1, 6017 Ålesund
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. V i gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
Vi minner om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 14. mars 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4346427797_Helse Møre og Romsdal HF_webcruiter
Stillingsnummer: bb142b30-d44b-4546-9da4-e7d342b47794