Sjukepleiar i ambulerande heimetenester, 80 % fast
Org. nr: - Stillingsident: 4267152010 Presentasjon av stillingen:
Viss du er ein triveleg og dyktig sjukepleiar på jakt etter nye utfordringar så er det kanskje nettopp deg vi leitar etter! Ambulerande heimetenester i Volda har ledig 80 % fast sjukepleiarstilling. Stillinga har for tida todelt turnus med arbeid på dag, natt og helg. Nattevaktene inngår i ambulerande nattevaktsteam. Ambulerande heimetenester er ein seksjon med høg kompetanse som yter tenester til heimebuande i Volda. Her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar ilag med engasjerte medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. Vi har mentorordning for nytilsette. Arbeidsdagane er varierte, og vi har ein arbeidsplass med takhøgde og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Helse- og omsorgstenester til personar i private heimar. Det inneber mellom anna kompleks palliativ pleie, oppfølging av pasientar i alle aldersgrupper, oppfølging av multisjuke pasientar.
Gjere grundige observasjonar og god dokumentasjon. Vere med å kartlegge, utarbeide og evaluere tiltaksplanar i tett samarbeid med fastlege, palliativt team og andre aktuelle faggrupper. Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar. Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø. Bidra til å kvalitetssikre tenestene.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar.
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. (Norsktest nivå B2)
Kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest
Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose
Kjennskap til journalsystemet Gerica og at du har generelt gode datakunnskaper er ein fordel
Søkjar må ha førerkort kl B
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som er: Kreativ, effektiv og løysingsorientert, har godt humør og gode kommunikasjonsevne. Du er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder. Du må i tillegg vere endringsvillig og gjerne ha variert praksis. Du fungerer godt i teamarbeid og har evna til å delegere arbeidsoppgåver. Du må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg. Du er ansvarsbevisst og løysingsfokusert. Du er fleksibel og liker utfordringar.
Vi tilbyr
Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag! Heilheitleg oppfølging av brukarar.
Tverrfagleg lagarbeid: vi har demensteam, kvardagsrehabiliteringsteam, frivilligkoordinatorar, kreftkoordinator og spesialisert korttidsavdeling.
Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
Tilgang til e-læringkurs frå NHI
Fokus på relevant kompetanseutvikling.
Fleksibel arbeidsplass med høve til jobbrotasjon
Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (KLP)
Stillingskode 717400 sjukepleiar.
Kontaktinformasjon
Vegar Batts, Seksjonsleiar, 90089947
Astrid Dimmen, Avdelingsleiar, 95770524, astrid.dimmen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 2
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenr.:4267152010
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.10.2020
Søknadsfrist: 16.08.2020
Om bedriften
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper mangar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har av eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!