Medarbeider til tekstilavdelinga ved Førde sentralsjukehus
Reinhald FSS, Helse Førde
Førde sentralsjukehus, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Medarbeider til tekstilavdelinga ved Førde sentralsjukehus
Oppstart
3. mars 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. desember
Reinhalds- og tekstilavdelinga i Førde har til sammen 35 årsverk, og har som oppgåve å levere reinhalds- og tekstiltenester til avdelingar ved Førde sentralsjukehus. Arbeidet vil foregå i Helse Førde sin bygningsmasse i Førde. Arbeidstida vil vere i ulike vaktskift innanfor tidsrommet kl. 06:00-21.30 på kvardagar. Det må også påreknast arbeid kvar 3.helg og på høgtidsdagar i løpet av året.
Dersom det i framtida vert endring i driftsmessige tilhøve, vil arbeidstid endrast i tråd med lov og avtaleverk.
Det er ønskjeleg at det i søknaden vert oppgitt dato for forventa oppstart i stillinga.
Fint om dokumentasjon på ansiennitet ligg ved søknden.
Arbeidsoppgåver
Dine arbeidsoppgåver vil være:- Bistå avdelingar i sjukehuset med bestilling og frakt av tekstilar.
- Lage rutinar for vedlikehald, og utføre rens av sjukehuset sitt eldre møblement.
- Handtering av gardiner og forheng.
- Tildeling av garderobefasilitet til tilsette i sjukehuset.
- Dagleg kontakt med ekstern leverandør av tekstiltjenester
- Rydding av garderobefasilitetar.
- Undervisning av studentar og andre tilsette i avdelinga sine rutiner.
- Korrigering av eksisterande prosedyrer, og skriving av nye prosedyrer i EK-handboka
- Utføre bestilling av utstyr som trengs for drifta på avdelinga
- Må kunne utføre enkle syoppdrag
- Må kunne utføre forefallande reinhaldsoppdrag av dagleg og periodisk karakter.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer at du :- Har erfaring frå arbeid innan tekstil og reinhaldsfag.
- Har gode norskkunnskapar, både munnlege og skriftlege.
- Har kjennskap til undervisning i auditorie/klasserom.
- Kan bruke elektroniske verktøy i dagleg arbeid. Her under kunne utforme og skrive enkle dokument/ rette eksisterande dokument.
- Må kunne bruke symaskin.
- Må kunne nytte rensemaskin for møblar.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer at du er:- Nytenkende og har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Punktleg og påliteleg
- Flink til å skape gode relasjonar, og kan kommunisere godt med andre både leverandører og tilsette.
- Innstilt på å arbeide i tverrfagleg team, og har ønskje om fagleg utvikling
- God på å samarbeide med andre
- Aktiv bidragande til eit trygt og positivt arbeidsmiljø i avdelinga
Vi tilbyr
- Opplæring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande avtaler og regelverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elin Høyland, Husøkonom, +47 578 39 378Arbeidsstad
Førde sentralsjukehus6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4884551267
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 03.03.2025
Søknadsfrist: 15.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Elin Høyland
Husøkonom
+47 578 39 378
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2792598
- Hentet fra
talentech
- Referanse
310fb8497b8147bea9c69c24cda58f31