Tilkallingsvikar i psykisk helse og rus
ID 1837
Søknadsfrist: 05.02.21
Har du lyst til å arbeide som tilkallingsvikar i psykisk helse og rus i Vinje kommune?
Arbeidsplassen er på Bruli. Eit bufellesskap med 8 omsorgsbustader for brukar med alvorleg psykisk lidelse og/eller rusproblem. Det er to til tre tilsette på jobb samstundes, og bustaden er bemanna frå kl. 08.00 til kl. 21.30, 7 dagar i veka.
Kort om stillinga
Avd. for psykisk helse har trong for tilkallingsvikarar/ ferievikarar til arbeid i bufellesskap. Som tilkallingsvikar blir du ein del av eit godt fagmiljø av sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidar.
Arbeidsoppgåver:
- personleg assistanse
- praktisk bistand
- miljøarbeid
- medisinhandtering
Krav til utdanning/ kvalifikasjoner:
- Gjerne helse/ sosial fagleg bakgrunn eller anna relevant erfaring
- Førerkort klasse B
- Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
- Krav om politiattest
Personlege eigenskapar:
Me ynskjer oss søkjarar som
- har gode kommunikasjon og samarbeidsevner
- er fleksibel
- har godt humør, ei positiv innstilling, og ynskjer å bidra til å gjera ein forskjell for våre bebuarar
- har fagleg engasjement
- har evnen til å ivareta og bidra til eit godt arbeidsmiljø
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved avdelingsleiar Carsten Hald på telefon 909 37 093.
Søknad skal sendast på elektronisk skjema som du finn her