Assistent, pasientbiblioteket
Org. nr: - Stillingsident: 4386114863 Presentasjon av stillingen:
Har du interesse for litteratur og kultur og liker å jobbe med menneske?
Vi treng ein assistent til 20% fast stilling på det flunkande nye pasientbiblioteket på Haukeland universitetssjukehus. Stillinga er ledig frå medio juli 2021.
Vi søker ein person med grunnleggande dataferdigheiter, kunnskap og interesse innanfor eit breitt felt av litteratur, film og kultur generelt. Søkar må vere utadvendt og like å kommunisere med folk av alle lag, aldre, nasjonalitetar og -- ikkje minst -- menneske som er ramma av ulike grader av sjukdom, og deira pårørande.
Vi er eit bibliotek og ein fristad/kvilerom for pasientar og pårørande. Jobben krev òg noko fysisk kapasitet, da ei ganske tung boktralle skal trillast mellom Sentralblokka og andre avdelingar på området, til dømes Kvinneklinikken. Dette skjer i sjukehusets tunnelsystem.
Arbeidsoppgåver
- Skranketeneste, infosøk og anna bibliotekarbeid, samt oppsøkande verksemd med bokvogn
- Assistenten vil også ha hovudansvar for opplæring, oppfølging og tilrettelegging for frivillige som går med bokvogn
Vi tilbyr
- Arbeidstid: tirsdag og torsdag 14:30-17:30 samt vikariering i feriar. I tillegg kommer 1 ½ time per veke med bokvogn. Til saman utgjer dette 7 ½ time per veke (20% stilling)
Kontaktinformasjon
Trond Blom, Bibliotekar, 90999234, trond.blom@helse-bergen.no
Erik Vigander , Kommunikasjonsdirektør, 90133771, erik.vigander@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4386114863
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 21.05.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.