100% stilling som avdelingsleiar ved Landbruk
Ullensvang kommune Landbruk og havbruk
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. desember
Ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar landbruk
Stillinga ligg til landbruk, havbruk og skogbruk. Avdelinga ligg under byggesak, kart og oppmåling - og har ein felles verksemdsleiar.
For å styrke utviklinga av den nye kommunen ynskjer me å tilsetja ein dyktig avdelingsleiar.
Arbeidsoppgåver:
Landbrukskontoret har ansvar for alle saker som gjeld landbruk. Dette gjeld mellom anna tilskotsordningar innan jord- og skogbruk, og saker som gjeld jordvern, eigedomsoverdraging, næringsutvikling, tilleggsnæringar og miljøsaker knytt til landbruk. I tillegg til sakshandsaming, driv ein og med tilsyn. Rettleiing både internt og eksternt inngår og i stillinga.
Oppgåvene til dei tilsette ved kontoret avhenger mellom anna av kompetanse og aktuelle saker. Som avdelingsleiar må ein vere tilgjengeleg, strukturert og resultatorientert. Ein har ansvar for dagleg oppfølging, bidreg med sakshandsaming mm. og rapporterer til verksemdsleiar. Stillinga kan og verte tillagt andre oppgåver ved behov.
Ynskte kvalifikasjonar:- Relevant landbruksfagleg utdanning frå høgskule/ universitet
- Erfaring frå sakshandsaming i offentleg administrasjon er ønskeleg
- God kjennskap/ erfaring til aktuelt lovverk og erfaring frå fagområda
- Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon
- God IKT-kompetanse
- Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ynskje om å bidra til å utvikle kommunen
- Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- Ha god gjennomføringsevne
- God evne til relasjonsbygging
- Personlege eigenskaper vert vektlagt
- Fast 100% stilling
- Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår
- Lønn etter avtale
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2794276
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3429753_194015_nn