Deltidsjobb for sjukepleiestudent - Gastroenterologisk og nefrologisk sengepost
Vi har 18,96% helgestilling ledig for sjukepleiestudent på sengeposten. Stillinga innebærer arbeid i gjennomsnitt kvar 3. helg.
Vi vil legge til rette for ein trygg overgang frå det å vere student til å vere ferdig utdanna sjukepleiar. I løpet av året der du går helgestilling vil du få god tid til å bli betre kjent med både rutinar, kolleger og arbeidsmiljø. På denne måten er du betre rusta til å ta fatt i utfordringane som ventar når du er nyutdanna sjukepleiar. Det er også ein fordel for oss, då vi i større grad kan planlegge med eventuell tilsetting etter utdanning - samt at vi kjenner betre til dine eigenskapar når du startar, slik at vi kan bidra betre til di faglege og personlege utvikling i jobben.
Velkommen til oss!
Gastroenterologisk og nefrologisk seksjon er ein spennande arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø. Sengeposten ligg i 5. etg ved Haugesund sjukehus og har normert 10 senger til pasienter.
Hovudvekta av pasientane har sjukdom innan gastroenterologisk fagfelt (t.d. leversvikt, anemi, inflammatorisk tarmsjukdom) eller nefrologisk fagfelt (nyresvikt), men vi har også ofte pasientar med generelle medisinske tilstandar. Det vide spekteret av pasientgrupper gir gode moglegheiter for fagleg utvikling innan fleire felt. Seksjonen har også dialyseavdeling (dagbehandlingseining), nyrepoliklinikk og gastropoliklinikk.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging
Kvalifikasjonar
- Relevant sjukehuserfaring
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Må kunne godt norsk skriftleg og munnleg (Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg)
- Dokumentasjon om at du er sjukepleiestudent må fremleggast
Utdanningsretning
- Sykepleie
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad
Personlege Eigenskapar
- Strukturert
- Ansvarsbevisst
- Reflektert
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Stipendordning for sykepleiestudenter
Andre opplysningar
- Ingen reiseaktivitet
Kontaktinformasjon
Karin Skjoldal, Funksjonsleder, (+47) 52732527
Aase Pauly Nevland, Funksjonsleiar, (+47) 52732527
Arbeidsstad
Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Fonna HF
Ref. nr.:4045641908
Stillingsbrøk: 18,96%
Vikariat deltid
Startdato: 21.06.2019
Sluttdato: 21.06.2020
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 01.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4045641908&company_id=1099399108&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.