Frivilligkoordinator
Org.nr.:938 497 524 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Gulen frivilligsentral er organisert under eining helse, og jobbar mellom anna førebyggjande mot utanforskap, arbeidsløyse, inaktivitet og psykiske- og fysiske lidingar. Folkehelse står i fokus.
Sentralen har i dag 70% stillingsressurs. Dagleg leiar jobbar 50% innan frivilligsentralen, og 50% innan kultur, så vi har derfor behov for ein medarbeidar i 20% fast stilling frå snarast.
Satsingsområda til Gulen frivilligsentral er sett opp som fire hovupunkt:
- Motivere lag og organisasjonar til å halde fokus på folkehelse i sine aktivitetar
- Psykisk helse
- Administrere den kulturelle spaserstokken
- Arrangør av UKM
I dag har vi aktivitetar som strikkekafe, open hall for born, verdensdagen psykisk helse, transport til dagsenter for heimebuande personar med demens, samarbeid med Møteplassen. Vidare ynskjer vi å få til møteplassar for sosiale tilstelningar spreidd rundt i kommunen med jamne mellomrom. Dette kan vere aktivitetar som gaming, fysisk aktivitet mm. Vi jobbar mot alle aldersgrupper og har fokus på lågterskeltilbod og ordningar som gjer at alle kan delta.
Arbeidsoppgåver:
- Kontakt mot lag og organisasjonar
- Inspirere til aktivitet
- Dra i gang nye- og følgje opp eksisterande tiltak
- Ulike prosjekt
- Andre oppgåver etter behov
Den som vert tilsatt vil jobbe tett saman med dagleg leiar, men vil også få eigne oppgåver.
Kvalifikasjonar:
- Erfaring frå liknande arbeid
- Relevant utdanning kan vere ein fordel
- Du må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Vi søkjer ein medarbeidar som er sjølvstendig, har engasjement, er pliktoppfyllande og har gode samarbeidsevner.
Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna:
- Arbeidstid kan tilpassast til eventuell annan jobb, men ein må samstundes vere fleksibel på arbeid ettermiddag/kveld, knytt til prosjekt/aktivitet o.l som skjer på kveldstid.
- Base for frivillegsentralen er på kommunehuset i Eivindvik, men ein må reise til andre delar av kommunen etter behov.
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- Det stilt krav om politiattest i denne stillinga.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Dagleg leiar Gulen frivilligsentral Vivian Våge, Tlf: 57782066, Epost: vivian.vage@gulen.kommune.no
Om bedriften
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "samarbeid for utvikling"!