Notevarp omsorgsbustad søkjer vernepleiar i 100 % fast stilling
Notevarp omsorgsbustadar i Midt-Telemark kommune
Er Du på jakt etter ein variert, lærerrik og engasjerande arbeidsplass?
Ønsker DU å jobbe ein stad kor du får ansvar og samarbeidar med ulike aktørar?
Er DU på utkikk etter ein jobb kor du får bruka faget ditt?
Da er DU den vi ser etter:)
Dette er ein spennande og utfordrande arbeidsplass.
Vi kan tilby romsleg arbeidsmiljø, med gode kollegaer i alle alder, både kvinner og menn.
Vi jobbar med brukaren i fokus, har eit bredt fagmiljø med fleire yrkesgrupper som jobbar i team.
Kort om stillinga
Det er ledig 100% fast vernepleiar stilling frå 01.05.2021.
Stillinga har arbeid kvar 4. helg.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid
- Følgje dagplanar
- Fagansvar
- Delta aktivt i teamet, både rundt brukarane og i miljøet
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
- Autorisasjon som vernepleiar
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Erfaring med arbeid frå bufellesskap med døgnkontinuerlege tenester er ønskjeleg
Personlege egenskapar
- Vi ser etter deg som har mål og er resultatorientert
- Du som i tøffe og utfordrande situasjonar har evne til å beholde roen
- Vi samarbeidar mykje fleir/tverrfagleg og derfor er gode samarbeidsevner eit must
- Du må vere beslutningsdyktig, arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Du bør ha erfaring knytta til HOL kap. 9, utforming av vedtak, rettleiing av tilsette i HOL kap. 9 , og ha kunnskap om
behovet for etiske refleksjonar knytt til dette arbeidet - Du må ha evne til å bruke humor i ein hektisk kvardag.
- Vere ein raus kollega som er ei støtte for andre.
- Å kunne gje og motta konstruktive tilbakemeldingar
Personlege eigenskapar og egnahet vektleggast.
Særskilt for stillinga
E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune skal gjennomførast før oppstart i stilling.
Krav om politiattest
Førarkort kl. B
Diponere bil
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet.
Vi tilbyr
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du kopiere/lime inn teksten i søknaden. Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden.
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.
Om bedriften
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg. Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.