Prosjektingeniør
Stillingsannonsen er inaktiv.Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Org. nr: - Stillingsident: 4077627847 Presentasjon av stillingen:
Då Tysnes kommune står ovanfor fleire interessante og spanande utfordringar i tida framover, søkjer me etter ein dyktig prosjektingeniør. Det skal byggast nytt mellomtrinn ved Tysnes skule, ny barnehage på Onarheim samt ei rekke større og mindre investeringar i eksisterande bygg.
Dei kommunaltekniske anlegga vil også krevje utbetringar dei komande åra der større tiltak med oppgraderingar eller utbyggingar vil ligge til prosjektavdelinga. Denne stillinga vil forutan arbeid med investeringsprosjekt også ha eit administrativt og fagleg ansvar for fagområda vatn, avlaup og renovasjon, under dette ligg mellom anna ansvar for internkontrollsystem og planar for tenesteområda. Over tid vert det vurdert at inntil 50 % av stillinga ligg mot desse fagområda.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføra alle fasar av prosjektarbeid, frå planlegging og kalkylearbeid til anskaffing, gjennomføring og overtaking
- Leie rådgjevarar og entreprenørar i prosjektet
- Representera byggherren på byggeplass og ha ansvar for SHA
- Rapportere status, framdrift og kostnader mot budsjett til prosjektsjef
- Fagleg og administrativ rådgjeving innan fagområda vatn, avlaup og renovasjon. Under dette oppfølging og ajourhald av planarbeid og internkontrollsystem
- Saksførebuingar opp mot politiske vedtak innan fagområda
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan bygg eller andre relevante studieretningar. Relevant erfaring kan i særlege tilfelle kompensera for utdanningskrav
- God kjennskap til kommunaltekniske anlegg (veg og VA) og erfaring frå prosjektering eller etablering av desse
- Erfaring frå bygg- og anleggsprosjekt med tilhøyrande kontrakts- og entrepriseformer
- God forståing for økonomistyring og kontraktsoppfølging
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Søkjar må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- Positiv, fleksibel og løysingsfokusert
- Evne til å samarbeide godt både internt i organisasjonen og med leverandørar
- Vere strukturert og evne til å skape resultat i samarbeid med andre
- Evne til å takle utfordringar og finne gode løysingar
- Evne til å læra raskt
Me tilbyr
- Stillingsstorleik: 100 %
- Varierte og spannande arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling gjennom blant anna kurs, seminarer o.l
- Løn etter avtale
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Fleksitidsordning
- Ein arbeidsplass som er IA-verksemd, har gode rutinar for oppfølging, og tilgong til bedriftshelseteneste
Kontaktinformasjon
Haakon Haaland, Prosjektsjef, 95 80 69 09, haakon.haaland@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenummer:4077627847
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 02.06.2019
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Adresse
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 3. juni 2019
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4077627847_Tysnes kommune_webcruiter
Stillingsnummer: b9fa9672-12e3-4656-852a-e826705fec1f