Psykologspesialist/psykolog - Haugaland DPS
Org. nr: - Stillingsident: 4194368150 Presentasjon av stillingen:
Haugaland DPS ligg sentralt i Haugesund og dekkjer eit samla opptaksområde på ca 100 000 innbyggjerar. Det er eit fullverdig DPS med 4 poliklinikkar og 5 døgnpostar. DPS`et er godkjent for TPH og har ansvar for akuttenestene på Haugalandet. Seksjonen har 13 psykologspesialistar og 12 psykologar i spesialisering.
Allmenn 2 er ei døgnavdeling med 9 sengeplasser. 3 av desse er reservert til brukerstyrt døgnbehandling. Det siste året har allmenn 2 bygd opp et nytt dagbehandlingstilbod og satsa meir på samarbeid med allmennpsykiatrisk poliklinikk. Dagbehandlinga inneheld element av yoga, fysisk aktivitet og kosthold. Vi er no i ei fase kor ein jobbar med å vidareutvikle og styrke tilbodet. Dette er ein unik mulighet for psykolog/psykologspesialist som har interesse for å bidra i utviklinga av framtidas helsetjeneste.
For den som blir tilsett vil det og vere ein sjeldan mogligheit for å delta i vaktordning for psykologar i Akutt ambulant team (AAT). Som psykolog i AAT får du unik høve til å opparbeide deg erfaring innan akuttpsykiatri, samstundes som du bidrar i arbeidet med å redusere unødvendige innleggelsar og tvangsbruk. Deltaking i AAT er frivillig og er godt økonomisk kompensert.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling
- Deltaking i tverrfagleg team
- Bidra i videreutvikling av gruppetilbod
- Vi tilbyr spesialisering og legg til rette for vidareutdanning
- Undervisning og vegleiing
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer fortinnsvis etter spesialist men eignethet, kompetanse og sterk interesse veg tungt
- Må ha norsk autorisasjon som psykolog
- Gode språkferdigheiter i norsk skriftleg og munnleg
Utdanningsretning
- Psykologi
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Utviklingsorientert med gjennomføringsevne
- Målretta og strukturert
- Samhandlingsorientert
- Evne til å tenkje heilhetlig
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande avtalar mellom NPF og Helse Fonna, HF.
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Spesialistutdanning blir tilbydd, inkludert BUP-praksis
- Mulighet for deltaking i vaktarbeid i Akutt ambulant team (AAT)
Kontaktinformasjon
Kari Sætre, Funksjonsleder, 52732100
Ingrid Camilla Aasbøe Heggland, Seksjonsleiar, 95767168
Arbeidsstad
Floraveien 75
5535 Haugesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4194368150
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
I Helse Fonna er vi meir enn 4000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.